Historisk arkiv

Draupne får namnet Ivar Aasen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og gassfunnet Draupne i den midtre delen av Nordsjøen har i dag fått namnet Ivar Aasen. Namnet vert fastsett etter forslag frå operatøren og innspel frå den rådgjevande namnegruppa.

Olje- og gassfunnet Draupne i den midtre delen av Nordsjøen har i dag fått namnet Ivar Aasen. Namnet vert fastsett etter forslag frå operatøren og innspel frå den rådgjevande namnegruppa.

Sunnmøringen Ivar Aasen var ein av dei fremste demokratiske og nasjonale strategane i Noreg på 1800-talet. Han var diktar og språkforskar, men fyrst og fremst mannen som forma nynorsken tufta på folkeleg talemål. 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013 er grunnlaget for språkåret 2013 - ei nasjonal feiring av språkleg mangfald.

Framveksten av norsk var ein del av den norske nasjonsbygginga, men også av den norske moderniseringa med utviklinga av folkestyret. Stortingsvedtaket i 1885 om å jamstille dansk-norsk og landsmål gav Noreg to offisielle skriftnormalar. Ein praksis som representerte ei radikal nytenking i 1885.

Olje- og energidepartementet varsla i petroleumsmeldinga ei endring av praksis for namnsetting av petroleumsfelt på norsk sokkel. Det vart mellom anna nedsett ei rådgjevande namnegruppe som består av Karsten Alnæs (leder), Kristin Clemet, Per Egil Hegge og Marit Hauan.

- Namn på større sjølvstendige utbyggingar har ein signaleffekt utover sokkelen. I dette tilfellet er meininga at Ivar Aasen-funnet skal vitna og minna oss om at det norske folkestyret er tufta på språkleg mangfald, og at det språklege mangfaldet i norsk offentlegheit er eit kjennemerke ved demokratiet vårt gjennom lange tider, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Ivar Aasen-funnet ligg i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 200 kilometer vest for Stavanger. Funnet er eitt av fleire komande utbyggingar på Utsirahøgda, og ligg i nærleiken av funn som Grieg og Sverdrup.

Det Norske er operatør for Ivar Aasen-prosjektet med ein eigardel på 35 pst. Andre rettshavarar er Statoil (50 pst.) og Bayerngas Norge (15 pst.). Totale reservar det er mogleg å utvinne i Ivar Aasen-funnet er estimert til 17,2 millionar Sm3 olje og 3,1 milliardar Sm3 gass. Innlevering av plan for utbygging og drift (PUD) er planlagd desember 2012, og planlagd produksjonsstart er hausten 2016.

Feiring av Ivar Aasen og språkleg mangfald i Noreg under namnemarkeringa av Ivar Aasen-feltet. F.v. sjef i Det norske Erik Haugane, målmann og statssekretær i Finansdepartementet Morten Søberg (Sp) og olje- og energiminister Ola Borten Moe. (Foto: Lise Rist/OED)

Seksjonssjef Stein Johansen frå NTNU-biblioteket viser fram originale Aasen-skrifter i Knudtzonsalen. Salen høyrte opprinneleg til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap som finansierte Aasen si dialektinnsamling. (F.v. Søberg, Johansen, Borten Moe og Haugane.)(Foto: Lise Rist/OED)