Historisk arkiv

Drenering gir betre avlingar og mindre klimagassutslepp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Betre drenering av åker og jord kan gje betre vekstvilkår, høgare avlingar og mindre utslepp av lystgass.

Regjeringa har lagt fram ein plan for å nå målet under Parisavtalen om minst 50-55 prosent kutt i utslepp i 2030, samanlikna med 1990. Landbruket har ei avgjerande rolle i dette arbeidet og er allereie godt i gang med å redusere sine klimagassutslepp. Som ei av få næringar i Noreg har jordbruket inngått ein forpliktande klimaavtale med styresmaktene.

– I klimaplanen slår vi fast at klimaavtalen mellom staten og jordbruket er berebjelken i det vidare klimaarbeidet i landbruket. Landbruket bidreg med viktige kutt i klimagassutsleppa og auka opptak av CO2. Næringa har redusert utsleppa per produsert eining over fleire år, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. 

Tiltak som bøndene sjølve kan gjere

Som oppfølging av klimaavtalen har jordbruket levert ein plan for korleis utsleppa kan reduserast, utan at det går utover matproduksjonen. Tiltaka er i hovudsak retta mot det bøndene sjølv kan gjera på sin eigen gard, mellom anna innan gjødsling, fôr- og avlsutvikling, energibruk og ikkje minst god agronomi og dyrehelse. Betre drenering er eit viktig tiltak i så måte.

Saka fortsett under bilete.

Drenering
Drenering gir bedtre avling og redusert klimagassutslepp. Foto: Erling Fløistad, NIBIO

Drenering gir avlingsauke og mindre utslepp av klimagassar

Eit fuktigare og meir ustabilt klima hemmer matproduksjonen. Det er også risiko for at kvaliteten på matkornet blir så dårleg at det berre kan nyttast til dyrefôr.

Nå har forskarane  i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) vurdert ulike strategier for korleis norsk kornproduksjon kan aukast i ei framtid med våtare klima.