Historisk arkiv

Dugnad for å kartleggje skrantesjuke (CWD)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I samarbeid med Veterinærinstituttet og miljøstyresmaktene har Mattilsynet hausten 2016 sett i verk ei stor kartlegging av skrantesjuke Chronic Wasting Disease CWD) hjå hjortedyr. Styresmaktene vil ta ut og teste 15 000 prøver frå hjortedyr denne hausten og fram til jul. Norske jegerar leverer inn prøver til dette kartleggingsarbeidet.

 Når det er gjort funn av ein så alvorleg sjukdom hjå viltlevande dyr i Noreg tek vi dette på største alvor, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – Det er allereie gjennomført tiltak for å hindre vidare spreiing av sjukdomen. I samband med haustjakta i år blir det gjennomført ein stor dugnad for å kartleggje kor utbreidd sjukdomen er, seier Dale.

 Eg vitja Brussel og EU-kommisjonen førre måndag. Der hausta Noreg lovord for dei gode tiltaka som blir gjort for å kartleggje og hindre spreiing av denne sjukdomen, seier Dale.

CWD er oppdaga i tre reinsdyr og to elgar i Noreg sidan april i år. Det er fyrste gongen denne sjukdomen er påvist i Europa. I Nord-Amerika har CWD vore kjent i fleire tiår. Til no har det ikkje vore rapportert at sjukdomen kan overførast til menneskje. Sjukdomen er smittsam og kan overførast mellom tame og ville hjortedyr. I det ligg ei særskild utmaning. Difor er det viktig å gjera førebuande åtgjerder for å hindra spreiing av sjukdomen.  

Bergeberget Viltmottak i Elverum: Saman med veterinær Pernille Fageraas frå Mattisynet tek landbruks- og matminister Jon Georg Dale ut CWD-prøve av eit elgslakt.
Bergeberget Viltmottak i Elverum: Saman med veterinær Pernille Fageraas frå Mattisynet tek landbruks- og matminister Jon Georg Dale ut CWD-prøve av eit elgslakt. Foto: Mattilsynet