Vil gi betre vern til yrkesdykkarar

Regjeringa vil gi yrkesdykkarar betre arbeidstakarvern. Derfor kjem eit forslag til nødvendige tilpassingar som vil gjera at all yrkesdykking i norsk farvatn skal vere omfatta av arbeidsmiljølova.

– Yrkesdykkarar har eit utsett yrke og vi vil at dei skal ha eit heilskapleg verneregelverk gjennom arbeidsmiljølova. Regjeringa foreslår derfor ein forskriftsheimel som skal sikra dei rettane som yrkesdykkarane no har i skipsarbeidarlova samtidig som dei får nye rettar når verna blir over flytta til arbeidsmiljølova, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Målet for regjeringa er å sikre at all yrkesdykking skjer gjennom eit mest mogleg formålstenleg og heilskapleg tryggingsregelverk og tilsynsregime. I dag er yrkesdykking langs kysten dels regulert av arbeidsmiljølova, med Arbeidstilsynet som tilsynsmakt. Den er dels regulert av sjøfartsreguleringa, med Sjøfartsdirektoratet som tilsynsmakt, og den er dels ikkje underlagt noko særskilt regelverk i det heile.

Departementet har starta arbeidet med ei ny forskrift og tek sikte på å ferdigstille denne så raskt som mogleg.

– Då vil arbeidsmiljølova endeleg også gjelde for yrkesdykkarar, seier Mjøs Persen.