Historisk arkiv

Dyrekrimprosjekt i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mattilsynet i Region Sør og Vest og Politiet startar eit dyrekrimprosjekt i Rogaland. Prosjektet i Rogaland er det andre i sitt slag her i landet. Målet er å utvikle betre system og rutinar for behandling av dyrekrimsaker, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til straffesak og domfelling.

Overgrep mot dyr uroar mange og får stor offentlig merksemd. Dette er noko vi må ta på største alvor. Dyr i Norge har det godt. Med dette tiltaket styrker vi dyrevelferden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– No får Rogaland si eiga dyrekrimgruppe med dedikerte personar som skal styrke politiet i kampen mot dyrekrim, seier Dale.

– Vold mot dyr kan og henge saman med vold mot menneske.

–  Auka fokus på dyrekrim kan derfor føre til at fleire saker om vold i nære relasjonar eller mot barn blir oppdaga. Det kan også bidra til å førebygge annan voldskriminalitet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Dyrekrimgruppa i Rogaland er sett saman av bl.a. etterforskarar, miljøkoordinator og juristar frå politiet, og veterinærar og juristar frå Mattilsynet, Region Sør og Vest.

Det er i år løyvd 4 millionar kroner i prosjektmidlar til drift av prosjektet i Rogaland. 

Glade for oppstart av dyrekrimprosjekt i Rogaland: Fv Jon Georg Dale, landbruks- og matminister. Åslaug Høgemark, seksjonsleiar Nordsjø & Miljøseksjonen, Politiet. Hallgeir Herikstad, regiondirektør Mattilsynet Sør og Vest. Ove André Vanebo, statssekretær Justis-og beredskapsdepartementet.
Glade for oppstart av dyrekrimprosjekt i Rogaland: Fv Jon Georg Dale, landbruks- og matminister. Åslaug Høgemark, seksjonsleiar Nordsjø & Miljøseksjonen, Politiet. Hallgeir Herikstad, regiondirektør Mattilsynet Sør og Vest. Ove André Vanebo, statssekretær Justis-og beredskapsdepartementet. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Dyrekrimprosjekt i Trøndelag

I fjor vart det starta opp eit treårig pilotprosjekt om dyrekrim i Sør-Trøndelag politidistrikt. Dette prosjektet kan alt vise til framgang i samhandling mellom Mattilsynet og Politiet.

Landsdekkande samarbeidsavtale

Mattilsynet og politiet har og ei formell samarbeidsavtale som gjeld heile landet. 

Oppteken av samanhengen mellom vold mot dyr og vold mot menneske: Forskar Ragnhild Bjørnebekk, Politihøgskolen, og landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Oppteken av samanhengen mellom vold mot dyr og vold mot menneske: Forskar Ragnhild Bjørnebekk, Politihøgskolen, og landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet