Historisk arkiv

Dyrevelferd: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale møtte representantar for svinenæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har i dag møtt representantar for svinenæringa om korleis utfordringane med dyrevelferd i slaktegrisproduksjonen kan løysast. Bakgrunnen for møtet var førebelse resultat frå ein tilsynskampanje Mattilsynet gjennomfører med slaktegris i Rogaland.

På møtet orienterte næringa om tiltak som alt er sett i verk for å betre kompetanse og haldningar hjå produsentane. Det vart òg presentert eit dyrevelferdsprogram som heile næringa står bak, og som dei no vil sette i verk i slaktegrisproduksjonen. Produsentar som ikkje følgjer krav i dyrevelferdsprogrammet, vil få trekk i slakteoppgjeret og avvika vil bli rapporterte til Mattilsynet. Programmet omfattar mellom anna regelmessige besøk av veterinær, i alt 3.500 veterinærbesøk i året.    

– Nokre av dei funna Mattilsynet har gjort, viser uakseptable tilhøve. Det er difor både naudsynt og bra at næringa no varslar grep for å forbetre dyrevelferda i slaktegrisproduksjonen, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

– Eg vil følge nøye med på dei tiltaka næringa gjennomfører og kalle næringa inn til nytt møte for statusoppdatering før sommaren. Samstundes er det òg behov for styrkt merksemd frå styresmaktene på denne produksjonen inntil næringa sitt program har vist god effekt. Eg vil difor be Mattilsynet om å auke merksemda på eit risikobasert tilsyn med dyrevelferd hjå gris i heile landet, seier landbruks- og matministeren. 

– Produsentar som ikkje kan ta vare på dyra sine, har vi ikkje plass til i norsk husdyrproduksjon, avsluttar landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Stor interesse for møtet.
Stor interesse for møtet. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Fra dagens møte.
Fra dagens møte. Fra venstre: Lars Petter Bartnes leiar i Norges Bondelag, Trine Hasvang Vaag styreleder i Nortura, Landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Geir Heggheim styreleder i Norsvin Olav Eik-Nes adm.dir i Norsvin og Stålw Gausen styreleder i KLF. Foto: Landbruks- og matdepartementet