Historisk arkiv

E39: Samferdselsministeren møtte engasjerte vegfolk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Over 100 deltakarar var i går til stades ved eit møte i Ørsta om framtidig E39 i Nordfjord og på Sunnmøre.



Over 100 deltakarar var i går til stades ved eit møte i Ørsta om framtidig E39 i Nordfjord og på Sunnmøre.

Samferdselsministeren, i samarbeid med Statens vegvesen, hadde invitert til møtet, som har samanheng med at Samferdselsdepartementet skal ta stilling til val av hovudtrasé for vidare planlegging av E39 på strekninga Skei i Jølster – Ålesund.  På møtet fekk dei to fylkeskommunane, elleve ordførarar og fire vegselskap framføre sine argument for samferdselsministeren.

– Eg er imponert over engasjementet og at så mange tok seg tid til å møte politisk leiing i departementet seint ein måndag kveld, seier Ketil Solvik-Olsen.

– Vi har ein viktig jobb framføre oss, og eg har signalisert at vi håpar å avgjere traséval i løpet av våren 2014, seier  samferdselsministeren.

I dag er samferdselsministeren og følgjet hans på synfaring på Sunnmøre og i Nordfjord for å bli nærmare orientert om ulike alternativ og løysingar for framtidig E39.