E6 vest for Alta er ferdig utbygd

- Regjeringa jobbar for ein tryggare reisekvardag for folk flest. E6 vest for Alta har vore plaga med skred og hatt dårleg standard. I dag opna den siste delstrekninga av ny veg. E6 er no korta ned med totalt 13,5 kilometer og er trygg å bruke for dei reisande. Prosjektet blei billigare enn forventa og blir opna utan bompengar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Delstrekninga Storsandnes – Langnesbukt var siste del av E6 vest for Alta som ble bygd ut. No går vegen i tunnel gjennom fjellet og kortar åleine ned E6 med 4,5 kilometer. Den gamle vegen rundt Isnestoften var skredutsett, særleg om vinteren.

Utbygginga er blei billigare enn forventa - om lag 25 millionar kroner mindre enn anslaget. Prosjektet er fullført med statlege midlar, så det blir ikkje bompengeinnkrevjing på strekninga.

Statssekretær Tommy Skjervold (FrP) opna delstrekninga Storsandnes – Langnesbukt i dag.

Til toppen