Historisk arkiv

Presseinformasjon

Aspaker til Slovakia og Liechtenstein onsdag 13. og torsdag 14. april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker besøker onsdag Slovakia, som har formannskapen i EU komande halvår. Torsdag er statsråden i Liechtenstein.

Slovakia tar over formannskapen etter Nederland andre halvår i år. Føremålet med besøket i Bratislava er politiske samtalar med utanriksminister Miroslav Lajcak, statssekretær Ivan Korcok og formann i EU-komiteen i parlamentet, Lubos Blaha. Tema er dei slovakiske prioriteringane for EU i formannskapsperioden, samarbeidet med Noreg og EØS-midlane, samt europapolitiske utfordringar. Aspaker vil også besøke eit EØS-prosjekt i Bratislava.

I Vaduz skal Aspaker ha politiske samtalar med statsminister Adrian Hasler og utanriksminister Aurelia Frick. Statsråden skal også møte arveprins Alois og besøke elektronikk-selskapet Neutrik AG.

Besøket til Liechtenstein er det første bilaterale besøket frå Noreg sidan 1998.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536