Historisk arkiv

Ei tenesteplikt for leiarar i staten å følgja opp mållova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Statlege leiarar har eit særleg ansvar for å følgja opp lov om målbruk i offentleg teneste. Regjeringa ventar no at alle med leiaransvar i staten gir eit klart og tydeleg signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane skal etterlevast til punkt og prikke. Dette blir slått fast i ei stortingsmelding som passerte statsråd fredag.

Pressemelding

Nr.: 05/195
Dato: 16.12.2005
Kontaktperson: Seniorrådgjevar Ingvar Engen, t. 22 24 80 31

Ei tenesteplikt for leiarar i staten å følgja opp mållova

St.meld. nr. 7 (2005-2006) Målbruk i offentleg teneste

Statlege leiarar har eit særleg ansvar for å følgja opp lov om målbruk i offentleg teneste. Regjeringa ventar no at alle med leiaransvar i staten gir eit klart og tydeleg signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane skal etterlevast til punkt og prikke. Dette blir slått fast i ei stortingsmelding som passerte statsråd fredag.

For fire år sidan tok regjeringa Bondevik til orde for ein ny giv for nynorsk målbruk i staten. Men tiltaka som vart varsla den gongen, er ikkje sette i verk. Meldinga dokumenterer at dei fleste sentrale statsorgan framleis brukar langt mindre nynorsk enn det forskriftsfesta minstekravet på 25 prosent.

Mest nynorsk var det i proposisjonar og meldingar til Stortinget, men også her ligg dei fleste departementet klart under 25 prosent. Gjennomsnittet for perioden 2001–2004 var 17 prosent. Dette var ein viss framgang frå fireårsperioden før, men i anna informasjonstilfang frå departementa gjekk utviklinga i motsett lei.

Tendensen for statsorgan under departementsnivået er også ein viss tilbakegang, og her var nivået dessutan lågare alt i utgangspunktet.

Dette viser at det no er nødvendig å ta eit krafttak for nynorsken i staten. Eit viktig tiltak i så måte er etableringa av den konsulenttenesta for offentleg språk som vart foreslått, men ikkje gjennomført for fire år sidan.

I Soria Moria-plattforma har regjeringa streka under at også statlege nettstader skal følgja mållova. Å rydda opp i språkbruken i dei statlege heimesidene på Internett blir derfor ei prioritert oppgåve i tida framover.