Historisk arkiv

Finansmarknadsmeldinga:

Ein heilskapleg politikk for finansnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa legg i dag fram den årlege Finansmarknadsmeldinga. Regjeringa peiker på korleis politikken for den norske finansmarknaden bidrar til solide finansinstitusjonar, god konkurranse og eit godt kundevern. – Eg er oppteken av å leggje til rette for både ei lønnsam norsk finansnæring og god konkurranse i finansmarknaden, seier finansminister Siv Jensen.

Næringspolitikk og konkurranse
Under behandlinga av Nasjonalbudsjettet 2015 trefte Stortinget vedtak om å be regjeringa «fremme forslag om en helhetlig næringspolitikk for finansnæringen som ein del av finansmarkedsmeldingen». Finansmarknadsmeldinga 2014 inneheld  eit nytt temakapittel om dette. Meldinga gjev eit oversyn over nokre av dei verkemidla styresmaktene tek i bruk for å sikre god handsaming av risiko og eit godt kundevern på finansmarknaden. Den omhandlar også korleis finanssektoren medverkar til effektiv ressursbruk i økonomien, og føresetnadane for produksjon av finansielle tenester i Noreg. Seinare meldingar vil drøfte andre sider ved ein heilskapleg politikk for finansnæringa.

– Finansnæringa i Noreg har dei seinare åra vorte meir solid, samstundes som ho har hatt god lønsemd. Næringa har raskt teke i bruk ny teknologi og har vorte meir produktiv. Næringa har eit godt utgangspunkt for framtida, og for å bidra i utviklinga av norsk økonomi, seier finansminister Siv Jensen.

Finansdepartementet etablerte i fjor mellom anna eit konkurransefaglig forum under leiing av Finanstilsynet, og med deltaking frå forbrukarmyndigheitene og Konkurransetilsynet. No varslar Finansdepartementet eit lovforslag som gjer det mogleg å påleggja finansinstitusjonane å ha lenke til Finansportalen.

– Konkurranse fungerer betre når det er enkelt for kundane å orientere seg i marknaden. Å leggje til rette for konkurranse mellom finansinstitusjonane er ein viktig del av ein heilskapleg politikk for finansnæringa, seier finansminister Siv Jensen. 

Finansiell stabilitet
Finansmarknadsmeldinga inneheld ei analyse av utsiktane for finansiell stabilitet. Norske finansinstitusjonar går godt. Samla fekk norske bankar eit resultat før skatt på vel 53 milliardar kroner i 2014. Dette var om lag 8 milliardar kroner meir enn året før. Tapa i bankane har vore svært låge i 2014. Norske bankar har styrkt soliditeten monaleg dei seinare åra. For bankane under eitt har den reine kjernekapitaldekninga auka jamt med til saman 5,7 prosentpoeng sidan 2008. Gode resultat gjer at bankane kan fortsette å styrke soliditeten. 

Utøvinga av pengepolitikken
Finansdepartementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Bank si utøving av pengepolitikken. Det ser ut til å vera brei tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar og elles.

I utøvinga av pengepolitikken i 2014 har hovudstyret i Noregs Bank vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2014.

Nett-tv Nett-TV: Pressekonferanse om Statens pensjonsfond

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her