Jordbruksoppgjeret 2016:

Ein jordbruksavtale som gir grunnlag for auka matproduksjon

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP) er nøgd med at Norges Bondelag i år inngår jordbruksavtale med staten.

 Norges Bondelag tek ansvar i ei krevjande tid for norsk økonomi når dei inngår denne jordbruksavtalen med staten, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

 Avtalen gir jordbruket grunnlag for ein inntektsauke på 3,1 prosent i 2017. Den vil leggje til rette for auka norsk matproduksjon, landbruk i heile landet med både mindre og større gardsbruk – slik Stortinget har vedtatt, og slik forbrukarane etterspør, seier Dale.   

Fra dagens pressekonferanse, fra venstre: Leder i Norges Bondelag og forhandlingsleder for jordbruket, Lars Petter Bartnes, landbruks- og matminister Jon Georg Dale og statens forhandlingsleder, departementsråd Leif Forsell.
Fra dagens pressekonferanse, fra venstre: Leder i Norges Bondelag og forhandlingsleder for jordbruket, Lars Petter Bartnes, landbruks- og matminister Jon Georg Dale og statens forhandlingsleder, departementsråd Leif Forsell. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Jordbrukets krav ble lagt fram 25. april, og staten kom med sitt tilbod i jordbruksoppgjeret den 4. mai. Sundag 15. mai inngjekk staten og Norges Bondelag avtale. 

Avtalen har ei ramme på 350 millionar kroner. Mål­pris­ane blir auka med 190 millionar kroner, medan budsjett­støtta blir auka med 100 millionar kroner. 

Se video fra pressekonferansen:

Meir til investering og rekruttering

Det er sett av 575 millionar kroner til investeringsstøtte i jordbruket. 

– Det er stor optimisme og investeringslyst i norsk jordbruk. Det er derfor viktig, ikkje minst for rekrutteringa til næringa, at det er mogleg for den einskilde bonde å modernisere og vidareutvikle garden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Avtalen fører vidare linene frå dei to siste jordbruksavtalane som har gitt gode vilkår for dei som vil satse vidare framover for å vere med å auke norsk matproduksjon. 

– Med bakgrunn i avtalen om jordbruksoppgjeret i Stortinget i 2014, og avtalen mellom Staten og Norges Bondelag i 2015, har mange gjort tunge investeringar på sine eigne bruk. Det har vore avgjerande å sikre at dei som no har investert og sett seg i gjeld, ikkje opplever å få sine vilkår forringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Meir produksjon på norske gras-ressursar

Gjennom endringar som er gjort i tilkotssystemet har det sidan 2014 blitt ein ny giv i sauehaldet. Eit stort underskot av norskprodusert lammekjøt er snudd til at Noreg no er sjølvforsynt. 

– No gjer vi det same på storfekjøt. Samstundes premierer vi kjøt av god kvalitet. Det vil stimulere både til auke i produksjonen, og ikkje minst gi større mangfald og betre kvalitet for forbrukarane, meiner Dale. 

Noreg er eit grasland med gode tilhøve for å ha sau og storfe som kan hente mykje av fôret sjølv på beite. Avtalen styrker tilskotet til beiting i utmark både for sau og storfe for å utnytte norske grasressursar betre. Det betyr en styrking av distriktslandbruket. 

Det blir og gjort tilpassingar i tilskotssystemet som i enda sterkare grad stimulerer til å dyrke korn og planteprodukt i dei gode kornområda og gras og husdyrproduksjon i andre delar av landet, der tilhøva ligg best til rette for dèt. 

– Dette styrker konkurransekrafta til distriktsjordbruket, og gir grunnlag for å auke produksjonen av mat på norske ressursar, seier Dale.

– Avtalen flyttar ikkje ei einaste krone frå små til store bruk, poengterer Dale. 

Lausdriftskravet blir utsett

Stortinget har tidlegare vedtatt eit krav om at alle mjølkekyr innan 2024 skal vere i fjøs der dei kan gå fritt og ikkje vere bundne opp på bås. Sidan ein stor del av mjølkeproduksjonen framleis skjer i båsfjøs, er det svært utfordrande å få gjort denne omlegginga innan 2024. Utsetjing av lausdriftskravet til 2034 er ein viktig premiss for avtala. 

– Omlegging til lausdrift er spesielt krevjande for dei små og mellomstore gardsbruka. Når kravet no blir utsett i 10 år, legg vi eit godt grunnlag for at vi kan ha både mindre og større gardar over heile landet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Jordbruksavtalen går no i ein proposisjon til Stortinget, og vil bli behandla der før sommaren.