Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Ein mangfaldig og inkluderande idrett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa lanserte i september 2021 idrettsstrategien Sterkere tilbake – En mer inkluderende idrett. Strategien skal fremme mangfald, inkluderande deltaking og bidra til å styrke idrettsaktiviteten etter pandemien. No følgjer regjeringa opp med 26 millionar kroner til mangfalds- og inkluderingsprosjekt.

– Idrett skal vere for alle, uavhengig av til dømes sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn eller funksjonsnedsetting. Idretten og frivilligheita blei hardt råka av covid-19-pandemien. Vi kjenner enno ikkje dei langsiktige konsekvensane for deltakinga i idrett. Det er likevel behov for tiltak som på kort sikt kan bidra til å ta opp att aktiviteten, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.  

Frå før er det fordelt 179 millionar kroner frå spelemidla til tiltaka i idrettsstrategien.

Eit av tiltaka i strategien er å etablere ei open tidsavgrensa søknadsbasert ordning for mangfalds- og inkluderingsprosjekt knytt til idrett og fysisk aktivitet. Målgruppene er barn og ungdom i låginntektsfamiliar, jenter generelt og minoritetsjenter spesielt, samt barn og ungdom med funksjonsnedsetting. Regjeringa legg opp til at denne ordninga skal finansierast gjennom statlege og private middel.

– Kombinasjonen av statlege og private pengar bidrar til at vi kan få til ei storstilt satsing på mangfald og inkludering i idrett og fysisk aktivitet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.