Historisk arkiv

Debattinnlegg av samferdselsminister Hareide: I ny Nasjonal transportplan legg vi opp til at det blir enklare å sykle, gå og ta buss

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Debattinnlegg av samferdselsminister Knut Arild Hareide. Publisert i Drammens Tidende 29. mars 2021.

I Drammens Tidende den 23. mars kunne ein lese eit kritisk innlegg om ny Nasjonal transportplan. Margit Fausko i MDG skriv friskt, samstundes har eg eit behov for å nyansere nokre av skildringane hennar. For det er ikkje slik at eg eller regjeringa brettar opp ermane og rullar ut asfalt over matjord og våtmark over ein låg sko.

Tvert om. Denne regjeringa har ikkje som eit motto at det skal lukte nylagt asfalt i heile landet. Vi er mest opptatte av å finne løysingar som er bra for folk og for planeten. Difor har vi lagt fram ein truverdig plan som skal bidra til at nordmenn får eit trygt, effektivt og miljøvennleg transportsystem for framtida.

Det at regjeringa legg til rette for å bygge trygge vegar i distrikta, det slår ikkje beina under ei storstilt kollektivsatsing i dei største byområda. I ny Nasjonal transportplan legg vi opp til at det blir enklare å sykle, gå og ta buss frå A til B. Samstundes byggast det ut jernbane som aldri før. Dette bidreg til å knytte dei store byane våre tettare saman. 

Eg forstår godt begeistringa for jernbanen i miljørørsla. Mange snakkar varmt om lyntog for å reise mellom dei store byane i Noreg. Det er riktig at det å reise med tog er miljøvennleg, men det å bygge ut jernbanen inneber diverre også inngrep i urørt natur og utslepp av klimagassar. Det kjem vi heller ikkje bort ifrå.

På eit vis er det beste for klimaet og miljøet å ikkje bygge ut noko i det heile tatt. Samtidig gir utbygginga store vinningar som kjem folk til gode. Eg trur vi kjem lengre med å sjå korleis vi kan gjere både bruken og bygginga av infrastruktur meir klimavennleg, samtidig som vi forbetrar reisekvardagen til folk.

Sjølv om utsleppa frå luftfarten må ned, så er det ikkje praktisk for ein som bur i Hammerfest og som jobbar i Tromsø å byte ut ruteflyet med sykkel eller bil. Ulike typar framkommemiddel  er viktig i eit langstrakt land som vårt. Samstundes skal vi vere framoverlente når vi utviklar morgondagens samferdsel.

Difor legg regjeringa mellom anna til rette for utvikling av låg- og nullutsleppsfly i Noreg. Vi skal legge til rette for fossilfrie anleggsplassar. Vi skal spisse metodane våre for å rekne ut klimagassar av arealbeslag og bygging. Vi skal ta lærdom frå eit pilotprosjekt kor målet er å planlegge og eventuelt bygge ut ein naturnøytral strekning, og vi skal ta i bruk ny teknologi for å gjere samferdselen grønare. For å nemne noko av det vi skal gjere framover. 

Eit viktig grep i denne transportplanen er at fagfolka står friare til å finne dei beste transportløysingane. Det inneber mellom anna at omfanget av eit prosjekt kjem til å endre seg i takt med behov og teknologiske løysingar. Kva framtida vil bringe, veit vi ikkje sikkert, men ein målestokk på at samferdselen blir grønare, er auken i nye elektriske bilar og ferjer under denne regjeringa. Og at utsleppa i transportsektoren har gått ned med 15 prosent for perioden 2012 – 2019.