Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Ein trygg, framtidsretta og effektiv luftfart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Regjeringa sitt arbeid for ein trygg, framtidsretta og effektiv luftfart held fram i 2020, og Luftfartstilsynet skal vere med å løyse framtidas oppgåver. I statsbudsjettet for 2020 styrkjer difor regjeringa Luftfartstilsynet på områda dronar og tryggleik, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 1,1 milliard kroner til luftfartsformål, og av dette i overkant av 245 millionar kroner til Luftfartstilsynet og 84,9 millionar kroner til Statens havarikommisjon for transport.

Styrking av Luftfartstilsynet

Løyvinga til Luftfartstilsynet inneber ein auke på over 15 millionar kroner.

Teknologi og nye løysingar blir utvikla også i luftfartssektoren, og veksten i dronesektoren er sterk. Regjeringa la i fjor fram ein dronestrategi. Dei siste åra har vi sett ein stor auke i talet på registrerte droneoperatørar hos Luftfartstilsynet. 

–  Regjeringa styrkjer Luftfartstilsynet for å leggje til rette for at tilsynet kan bidra til samfunnstenleg utvikling og sikker bruk av dronar. Vi styrker også tilsynet på områda tryggleik og bakgrunnssjekk, seier samferdselsministeren.

Et godt flytilbod i hele landet

Regjeringa set av 718 millionar kroner til kjøp av flytransport i distrikta.

– Store avstandar og utfordrande topografi gjer at Noreg er spesielt avhengig av luftfart, og det regionale flyrutenettet er å anse som eit kollektivtilbod i distrikta. Regjeringa ønskjer eit godt flytilbod i heile landet. Difor kjøper Samferdselsdepartementet flyrutetenester, hovudsakeleg i Nord-Noreg og på Vestlandet, for å sikre eit godt regionalt rutetilbod, seier Dale.

Rergjeringa foreslår også om lag 30 millionar kroner til tilskot til ikkje-statlege flyplassar. Vestfold og Telemark vil overta ansvaret for tilskot til Notodden lufthamn.

Overføring av undersøkingsmyndigheit

Regjeringa har bestemt at undersøkingsmyndigheita for forsvarssektoren skal overførast til Statens havarikommisjon for transport (SHT) frå 1. juli 2020. I 2020 foreslår regjeringa difor ein auke til SHT mot ein tilsvarande reduksjon under Forsvarsdepartementet. Det blir foreslått 84,9 millionar kroner til SHT.