Historisk arkiv

Samferdselsministeren mottok risiko- og sårbarhetsanalyse av ekom-sektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen mottok i dag rapporten EkomROS 2016 frå Nkom-direktør Torstein Olsen.

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som har laga ROS-analysen av nokre av dei viktigaste elementa i ekom-Norge. Analysen kartlegg alvorlege hendingar i ekom-sektoren dei siste åra og legg fram ulike forslag til tiltak som er retta mot å redusere den identifiserte risikoen.

- Det er eit viktig og omfattande arbeid Nkom har lagt fram. Eg er glad for at dei har kartlagt ulik risiko og pekt på korleis me kan løysa utfordringane i tida framover, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

‑ Dei norske ekomnetta er sikre og det skal dei fortsette å være. Eg har tillit til at tilbydarane i Noreg gjør ein god jobb med å sikre sine nett, seier Solvik-Olsen.

Dette er fyrste gong Nkom legg fram ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for ekomsektoren. I tråd med oppdraget frå Samferdselsdepartementet vil Nkom legge fram slike årleg.

Sjå pressemelding frå Nkom.
Les rapporten EkomROS.