Historisk arkiv

Eksamen for privatistar vel gjennomført

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

– Koronasituasjonen førte til avlyst eksamen både for elevar i grunnskule og vidaregåande. Difor er det ei glede å kunne fortelje at eksamen for privatistar stort sett gjekk etter planen. Det seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Statsråden understrekar at fylka skal ha honnør for arbeidet som er lagt ned.

– Utan ein formidabel innsats frå fylka som gjennomfører privatisteksamenar, hadde det aldri gått, seier Melby. Statsråden legg til at dette er viktig, og høgt prioritert under koronakrisa.

Målet var å sikre at ingen blei forsinka i utdanningsløpet sitt, og sikre at ungdom får halde fram med utdanning og arbeid fordi dei ofte blir hardast ramma i ein krisesituasjon.

Flest tok eksamen i norsk og matematikk

Situasjonen denne våren var ekstraordinær, men for dei som gjennomførte finst det nokre hovudfunn:

  • Faga med flest kandidatar var norsk- og matematikkfag.
  • Jentene får høgare karakter i dei fleste faga.
  • Ein stor del av kandidatane oppnådde karakteren seks til eksamen i Fransk II, Tysk II og Kjemi 2.
  • Over 30 prosent av kandidatane strauk i informasjonsteknologi 2, og Matematikk 2P-Y.

2020 blir eit spesielt år

Fordi sentralt gitte eksamenar for elevar i stor grad blei avlyste våren 2020 inneheld statistikken for i år med få unntak berre eksamensresultat for privatistar. Tala for i år kan dermed ikkje samanliknast med tal frå tidlegare år.

I fleire fylkeskommunar hadde dessutan privatistar utvida høve til å melde seg av eksamen dei var påmelde til. Til saman gjekk talet på privatistpåmeldingar ned frå om lag 58 000 rett etter påmeldingsfristen, til ca. 48 000 påmeldingar.

Om lag 70 prosent av dei som var påmeldt til eksamen i mars gjennomførte, mot 82 prosent i fjor. Det må likevel understrekast at trass i situasjonen gjennom våren er svært mange kandidatar som har gjennomført eksamen. Ein kandidat kan også vere meldt opp til fleire eksamenar.

Definisjonen på ein privatist

Det vanlege i Noreg er at kvar einskild elev følgjer opplæringa i grunnskule eller vidaregåande skule. Ein privatist er ein person som har meld seg på eksamen i eitt eller fleire fag utan å vere elev i faget.

I dei fleste faga er karaktersnittet for jentene høgare enn for gutane. Størst skilnad er det i faget Spansk II, der snitte til jentene på 3,6 ligg nesten ein heil karakter høgare enn for gutane der talet er 2,7.

I slutten av august publiserer Utdanningsdirektoratet endelege karakterar for 10. trinn for alle fag. I september kjem dei førebelse karakterane for elevar i vidaregåande skule. For 2020 vil dette då i hovudsak vere standpunktkarakterar.