Ekspertgruppa som har sett på koronatiltak retta mot innvandrarar, leverer sluttrapporten sin til kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby onsdag 23. juni.

I mai 2021 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe som skulle vurdere og foreslå tiltak på integreringsfeltet som følge av koronapandemien. Ekspertgruppa skulle også kartlegge årsaker til vaksineskepsis og foreslå tiltak for å få fleire personar med innvandrarbakgrunn til å ta vaksine. No er gruppa ferdig med arbeidet sitt.

Nett-tv Ekspertgruppa som har sett på koronatiltak retta mot innvandrarar, leverer sluttrapporten sin til kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby onsdag 23. juni.

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Ekspertgruppa  har hatt 10 medlemmer og vart leidd av direktør Libe Rieber-Mohn frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

Tid: Onsdag 23. juni kl.15.30-16.10

Stad: Kunnskapsdepartementets lokalar i Kirkegata 18. Pressekonferansen blir strøymd på regjeringa.no.

Leiar for ekspertgruppa, Libe Riber Mohn (Imdi), presenterer rapporten og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby vil gi sine kommentarar.

Etter framlegget er leiaren for ekspertgruppa og kunnskaps- og integreringsministeren tilgjengelege for pressa.

Det er berre journalistar som  kan vere til stades under overleveringa, men andre interesserte kan følgje overleveringa på regjeringa.no.

Rapporten blir tilgjengelig kl 15.30 her 

Ved ønskje om å intervjue statsråden eller leiar av utvalet i etterkant av møtet, ta kontakt med pressekontakt Ajfer Husejin, mobil 95936485