Historisk arkiv

Ekspertgruppe på pengespel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturminister Hadia Tajik har sett ned ei partssamansett ekspertgruppe som skal sjå på den teknologiske utviklinga på pengespelområdet særleg med omsyn til nye medium og plattformer for tilbod av spel.

Kulturminister Hadia Tajik har sett ned ei partssamansett ekspertgruppe som skal sjå på den teknologiske utviklinga på pengespelområdet særleg med omsyn til nye medium og plattformer for tilbod av spel.

Mandat for gruppa (.pdf)

- Den teknologiske utviklinga går svært raskt. Ei samansmelting av ulike plattformer for spel vil gjere at pengespel vil bli lettare tilgjengelege. Ekspertgruppa skal gje råd om korleis me òg i framtida kan ha ein samfunnsmessig forsvarleg marknad for pengespel, seier kulturminister Hadia Tajik.

Ekspertgruppa skal vurdere om gjeldande lovgiving er tilstrekkeleg for å regulere nye former for spel. Ho skal også kartleggje konkurransen som den norske pengespelmarknaden møter frå pengespel utan norsk løyve, og fremje forslag til tiltak som kan verne norske pengespel.

Ekspertgruppa består av 10 medlemmer med representantar frå den norske pengespelmarknaden og dataspel- og teknologibransjen, i tillegg til Forbrukarombodet og Medietilsynet. Direktør ved Lotteritilsynet Atle Hamar skal leie gruppa og leggje fram ein rapport innan 15. desember 2014.

Medlemmer i ekspertgruppa:

Leiar Atle Hamar

Jørgen Tharaldsen, Artplant                     

Bente Øverlie, Forbrukarombodet                       

Torgeir Waterhouse, IKT Norge                                       

Thomas Haugan Hepsø, Medietilsynet                                  

Carl Fredrik Stenstrøm, Norsk Rikstoto                                  

Jan Peder Strømslid, Norsk Tipping                              

Ingvild Myhre, Rådgiverne AS                                

Anita Fjærem, Technobigo Scandinavia 

Silvija Seres, Teknologirådet                               

Rune Mentzoni, Universitetet i Bergen

 

 

Til toppen