Ekspertutval skal evaluere vilkåret om manglande samtykkekompetanse for bruk av tvang i psykisk helse

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I 2017 blei manglande samtykkekompetanse innført som vilkår i psykisk helsevernloven for å kunne vedta tvungen observasjon, tvungent psykisk helsevern og behandling med tvang. No har regjeringa satt ned eit ekspertutval som skal evaluere lovendringa.

Fra venstre ser vi justis- og beredskapsminister Emilie Mehl, leder av ekspertutvalget Øystein Mæland og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Justis- og beredskapsminister Emilie Mehl, utvalgsleder Øystein Mæland og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i Helse- og omsorgsdepartementets lokaler i Oslo. Foto: Anne Kathrine Aambø / Helse- og omsorgsdepartementet

– Målet vårt er å bidra til eit lovverk og ein praksis som sikrar pasienten sin rett til nødvendige og forsvarlege helsetenester og som samtidig sikrar at tvang berre blir brukt i situasjonar der det er nødvendig av omsyn til pasienten si helse. Vi legg òg vekt på behova til pårørande og  samfunnstryggleiken, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Kan nekte behandling

Vilkåret om manglande samtykkekompetanse inneber at pasientar kan nekte å ta imot tilbod om innlegging og behandling, eller sjølv avslutte opphald og behandling i psykisk helsevern. 

Vilkåret gjeld ikkje viss det er nærliggande og alvorleg fare for eige liv eller andre sine liv eller helse. Formålet med endringa var å auke sjølvbestemminga og styrke rettstryggleiken for pasientar i psykisk helsevern og bidra til riktigare bruk av tvang. 

– Vi må kunne gi nødvendig og tidleg helsehjelp til alvorleg psykisk sjuke, og fange opp personar med risiko for å utøve vald. Regjeringa vil vurdere om endringa kan ha gjort dette meir krevjande. Politiet har fått ei stor auke i oppdrag knytt til psykiatri, seier justis- og beredskapsminister Emilie Mehl. 

Samfunnstryggleiken blir tatt vare på

– Eg er derfor nøgd med at det no vil bli evaluert om endringa har hatt ikkje tilsikta verknader. Det er òg viktig for meg at omsynet til sammfunnstryggleiken blir godt tatt vare på i mandatet, seier Mehl. 

Etter at loven trådte i kraft, har det kome tilbakemeldingar om at vilkåret om manglande samtykkekompetanse kan ha hatt negative konsekvensar ikkje berre for pasientane det gjeld, men òg for pårørande og samfunnet. 

– Bekymringane handlar mellom anna om at lovendringa kan ha ført til auka bruk av tvang totalt sett og at politiet i auka grad må støtte helsevesenet med å handtere personar med alvorleg psykisk sjukdom, seier Mehl. 

Skal se på konsekvensane av lovendringane

Ekspertutvalet skal undersøke korleis lovendringa har påverka det psykiske helsetilbodet og situasjonen for pasientar, pårørande og helsetenesten. Utvalet skal òg undersøke om innføring av vilkåret om manglande samtykkekompetanse har fått konsekvensar for samfunnstryggleiken og politiet sine oppgåver. 

Evalueringa vil bygge vidare på funna i dei to første evalueringane av lovendringa. Utvalet skal i tillegg gå gjennom relevante høyringsinnspel til oppfølginga av tvangslovutvalet og gi innspel til det vidare arbeidet med lovforslaget når det gjeld vilkåret om manglande samtykkekompetanse. 

Utvalet skal levere si innstilling innan 15. juni 2023.