Ekspertutval skal greie ut sterkare tematisk organisering i psykisk helsevern

Målet med utvalet si utgreiing er at pasientane skal ha tilgang til den beste kompetansen og behandlinga for sine lidingar, og at kompetansen til fagfolka i vår felles helseteneste blir nytta på ein best mogleg måte.

Ansiktet til Benedicte Thorsen-Dahl
Benedicte Thorsen-Dahl er leiar av ekspertutvalet. Foto: Sjukehuset Innlandet

Det er stor variasjon i tilbodet pasientar innan psykisk helsevern får i ulike delar landet.

– Vi er i ein situasjon der stadig fleire søker hjelp for psykiske plagar og lidingar. Samtidig opplev helsetenesta knappheit på personalressursar, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

– Da er det viktig at fagekspertisen blir brukt mest mogleg effektivt slik at pasientane blir tilbode behandling med god kvalitet i heile landet. Det er ei viktig prioritering for regjeringa.

Jamleg læring

Det kjem stadig ny kunnskap om effektive behandlingsmetodar- og formar, og vi lærer jamleg om kva behandling som gir auka utbytte for kva pasientar.  

– Ny kunnskap må komme pasientar i heile landet til gode. Det er viktig at vi legg til rette for meir spesialiserte tenester for å oppnå gode resultat med behandlinga, seier Kjerkol.

Kven treng spesialisert behandling?

Ekspertutvalet har fått i oppdrag å greie ut om det finst pasientgrupper som kan nyte godt av meir spesialisert behandling eller ny organisering for å sikre eit likeverdig og godt tilbod.

Utvalet er også bedt om å greie ut moglege negative konsekvensar av ei sterkare spesialisering for ei pasientgruppe som gjerne har komplekse og samansette sjukdomsbilete, og der det er forventa at helsepersonell har både generell og spissa kompetanse.

Elleve medlemmer i utvalet

Utvalet blir leia av Benedicte Thorsen-Dahl frå Sjukehuset Innlandet, som har bakgrunn som psykiater, har ei brei oversikt over feltet psykisk helsevern og god kompetanse innan utvikling av kvalitet.

Ho har med seg ti andre medlemmer frå ulike delar av landet, som har bakgrunn frå helseleiing, forsking, faglege samanslutningar, kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Utvalet sitt arbeid må sjåast i samanheng med moglege tiltak i opptrappingsplanen for psykisk helse, der eit av måla er å sikre innbyggarane lik tilgang til psykiske helsetenester av god kvalitet i heile landet. Utvalet skal levere sin rapport innan 1. juni 2023. 

Utvalets medlemmer

  1. Benedicte Thorsen-Dahl (leiar), divisjonsdirektør psykisk helsevern ved Sjukehuset Innlandet, Gjøvik
  2. Ester Marie Stornes Espeset, psykologspesialist/PhD ved BUP Helse Fonna, Kopervik
  3. Jon Tomas Finnsson, avdelingsdirektør i helsefagavdelinga i Helse Nord, Bodø
  4. Ane Bekkestad Fjose, einingsleiar ved BUP Gjøvik, Gjøvik
  5. Bjarne Kristian Aaslie Hansen, professor ved senter for krisepsykologi ved Universitetet i Bergen, Bergen
  6. Kim Edgar Karlsen, fagsjef i Norsk psykologforening, Oslo
  7. Lars Lien, leiar i Norsk psykiatrisk forening, Hamar
  8. Anne Kristine Nitter, kommuneoverlege i Fredrikstad kommune, Moss
  9. Espen Gade Rolland, leiar av faggruppe innan psykisk helse og rus i Norsk sykepleierforbund, Drammen
  10. Karl Olaf Sundfør, brukarrepresentant, sentralstyremedlem Mental Helse, Sauda
  11. Elin Ulleberg, klinikksjef psykisk helsevern, allmenn rehabilitering og sikkerhet ved St. Olavs hospital, Trondheim

Utvalet skal svare på desse spørsmåla

  • Kva pasientgrupper/tilstander kan ha nytte av ei meir spesialisert organisering?
  • Korleis kan ein legge til rette for at kunnskap og forsking ligg til grunn for behandlinga?
  • Korleis kan ein organisere dette slik at tenestene blir koordinerte, heilskaplege og av god kvalitet for pasientar og pårørande?
  • Korleis kan ein organisere dette slik at tenestene blir best mogleg i stand til å samarbeide med kriminalomsorga og andre tenester med ansvar for grupper kor psykiske lidingar er utbreidd og slik at innsatsen overfor desse gruppene blir styrka?