Historisk arkiv

Eksportstøtte sentralt tema i WTO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

WTO sin 10. ministerkonferanse går for tida føre seg i Nairobi i Kenya. Møtet er leia av den kenyanske utanriksministeren. Utanriksminister Børge Brende leier den norske delegasjonen, som er sett saman av representantar frå Stortinget, ulike departement og det sivile samfunnet. Eit viktig tema på konferansen er forhandlingar om redusert bruk av eksportstøtte for landbruksprodukt. Dette gjeld reduksjon i bruk av eksportsubsidiar og eksportkredittar, i tillegg til støtte knytt til bruk av av statlege handelsforetak og matvarehjelp. Det vert ikkje forhandla om reduksjon i bruk av nasjonal støtte til landbruket eller reduksjon i tollsatsar. Frå norsk side er ein mellom anna oppteken av at det blir lang nok overgangstid for avvikling av eksportsubsidiane.

Mange u-land er opptekne av å få på plass ein sikkerheitsmekanisme som kan avgrense importen av matvarer dersom importen fører til at prisane nasjonalt fell eller det blir stor importauke. U-landa er også opptekne av spørsmål knytt til nasjonale ordningar for lagring av matvarer.  

Konferansen skal etter planen avsluttast fredag. Forhandlingane er krevande, men det vert arbeidd intenst blant dei 162 medlemslanda i WTO for å finne løysingar.