Historisk arkiv

Ekstern vurdering av Statens vegvesen lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statens vegvesen - systemer for rapportering og formidling av styringsinformasjon

Agenda Utredning og Utvikling AS har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet gjennomført ei vurdering av dei systema som Statens vegvesen har for rapportering og formidling av styringsinformasjon.

Agenda Utredning og Utvikling AS har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet gjennomført ei vurdering av dei systema som Statens vegvesen har for rapportering og formidling av styringsinformasjon.

Vurderinga gjeld både i perioden då E18 i nordre Vestfold var under bygging, og i dag. Agenda presenterte og overleverte rapporten til samferdselsminister Liv Signe Navarsete i dag.

- Rapporten og konklusjonane i den, syner at det var rett å sette i gong ei slik undersøking og rapporten gir oss eit verdifullt innspel som vi skal byggje vidare på. Agenda slår fast at styringssystema i dagens vegvesen i hovudsak er tilfredsstillande, men peiker òg på einskilde område kor det framleis kan gjerast forbetringar. Dette gjeld særleg rapportering om kvalitet og styring av risiko.  Dette vil eg følgje opp, og eg vil syte for at Statens vegvesen vil kome fram til ein betre måte å løyse rapportering og risikostyring i framtida, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete då ho fekk rapporten.

Samferdselsdepartementet vil no be Statens vegvesen om ei vurdering av korleis dei ser på dei områda som Agenda har peika på og på kva måte dei vil ta tak i desse. På grunnlag av tilbakemeldingane frå vegvesenet vil departementet vurdere saka, og deretter orientere Stortinget om desse vurderingane så snart som praktisk mogleg.