Ekstra hjelp til sårbare grupper i jula

Regjeringa føreslår ytterlegare 25 millionar kroner til sosiale tiltak og aktivitetar for sårbare grupper i jula. Føremålet er å kompensere for negative konsekvensar av koronapandemien og dei inngripande smitteverntiltaka.

– Vi veit at jula er vanskeleg for mange. No er det enda fleire som går ei usikker tid i møte fordi mange av tiltaka for dei sårbare gruppene er stengde ned. Vi er uroa for  at dei som allereie har hatt det tøft, no vil få det enda vanskelegare. Det er viktig å kompensere for dette og gje håp og merksemd inn mot ei spesiell jul, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Regjeringa føreslår difor 25 millionar kroner til frivillige organisasjonar, til digitale produksjonar i regi av Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn, og til å sikre at hjelpetelefonar kan ha ope i jula.

Meir til frivilligheita

Jula fører med seg store utgifter til mellom anna gåver og mat. Å ikkje ha råd til dette kan opplevast vondt og flautt for foreldre og barn. For mange er jula også ei tid der dei føler på einsemd, og koronasituasjonen kan bidra til å forsterke dette.

Drygt 16 millionar vert difor føreslått løyvd til sosiale aktivitetar, alternative julefeiringar og julehjelp som matkassar, klede og gåver overfor sårbare grupper. Med auka støtte kan dei frivillige aktørane Frelsesarmeen, Blå Kors, Røde Kors og Kirkens Bymisjon nå ut til fleire.

Også tilbodet til barn og unge vert styrkt.
– Vi veit at det er mange barn og unge som ikkje har det lett i jula, difor går to millionar kroner til Ungdom og Fritid, slik at dei kan halde fritidsaktivitetar opne, også i jula, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V).

Midlane skal òg styrkje likemanns- og rustilboda i regi av ideelle og frivillige organisasjonar.

–  Personar med psykiske helseutfordringar og rusproblem og deira pårørande kan ha det ekstra tøft, og barn er særleg utsette. I år gir koronapandemien oss også færre moglegheiter til å treffe andre og å delta i sosiale fellesskap. Vi styrkjer difor tilbodet til ei rekkje frivillige organisasjonar slik at fleire kan få hjelp eller nokon å snakke med, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Blant hjelpetelefonane som til saman får rundt 1,6 millionar kroner til auka bemanning i jula, er Alarmtelefonen for barn og unge, Foreldresupport, Pårørendelinjen, Demenslinjen, samt Mental Helse Ungdom si chatte-teneste for ungdom.

Støtte til digitale arrangement

Koronasituasjonen og smitteverntiltaka gjer at mange aktivitetar i regi av Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn blir avlyste eller vesentleg reduserte i desember og julehøgtida. Derfor føreslår regjeringa til saman 5 millionar kroner som bidrag til å auke frekvens og kvalitet på digitalt innhald og digitale arrangement.

– Reduserte aktivitetar i regi av Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn er eit tap for mange. Fleire digitale arrangement kan kompensere noko for bortfall av aktivitetar og samlingar, seier Ropstad.

Midlane blir fordelt til Den norske kyrkja og paraplyorganisasjonane Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) og Noregs Kristne Råd, som fordeler dei til sine medlemsorganisasjonar.

Fordeling av tiltakspakka for sårbare grupper i jula:

Auka tilskot til hjelpetelefonen Foreldresupport-Mental Helse (BFD)

175 000 kr

Auka tilskot til juleaktivitetar hos Frelsesarmeen, Blåkors, Røde Kors og Kirkens bymisjon (BFD)

11 mill. kr

Auka tilskot til Alarmtelefonen for barn og unge – auka bemanning i jula (BFD)

150 000 kr

Digitale arrangement i desember – Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn (BFD)

5 mill. kr

Auka tilskot til Demenslinjen -Nasjonalforeningen for folkehelsen (HOD)

500 000 kr

Auka tilskot til Pårørendelinjen – Pårørendesenteret (HOD)

300 000 kr

Styrkje likemannstilboda i regi av ideelle og frivillige organisasjonar (HOD)

5,375 mill. kr

Auka tilskot til chat-tenesta for barn og unge - Mental Helse Ungdom (HOD)

500 000 kr

Støtteordning for å halde opne fritidsaktivitetar for sårbare barn og unge - Ungdom og fritid (KUD)

2 mill. kr

Totalt

25 mill. kroner