Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ekstra tilskot til investeringsprosjekt i tre

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett endringar i forskrift 19. desember 2014 nr. 1816 om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Endringane gjeld innføring av ekstra tilskot til bruk av tre i bygningsinvesteringar i landbruket som blei vedtatt innført i ein periode på tre år i samband med jordbruksoppgjeret 2019. Endringane gjeld frå 1.1.2020.

Tilskotet er ein del av investerings- og bedriftsutviklingsordninga som blir forvalta av Innovasjon Noreg. Tilskotet kan gjevast i tillegg til det ordinære investeringstilskotet med inntil 20 % ekstra av ordinært tilskot avgrensa til maksimalt 400 000 kroner. Ved utmåling av tilskot skal det skal takast omsyn til graden av trebruk i prosjektet.

Til toppen