Revidert nasjonalbudsjett

Ekstraordinær prisjustering av stønader og sosialhjelp

Regjeringa foreslår ei ekstraordinær prisjustering av statsbudsjettet. Det inneber mellom anna å auke dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp og stønads- og tilskotssatsane under folketrygda.

– Ei prisjustering av desse satsane blir vanlegvis berre gjennomført ved årsskiftet, men for å sikra at stønadane held tritt med prisstigninga, foreslår regjeringa ei ekstraordinær prisjustering no. Det betyr at nivåa på satsane vil auke, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

I budsjettavtalen for 2023 styrkte regjeringa og SV økonomien til minstepensjonistar, barnefamiliar og dei med lågaste yting som til dømes uføre. Mellom anna auka minstepensjon for einslege med 4000 kroner, og barnetillegg til dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad vart auka frå 1. februar. I tillegg fekk uføretrygda på minstesats ei ekstra eingongsutbetaling på 3000 kroner i februar.

– Prisjusteringane som regjeringa no foreslår i det reviderte budsjettet kjem i tillegg til dei grepa me allereie har teke for å styrka økonomien til dei som merkar prisauken mest, seier Mjøs Persen.

Med regjeringa sitt forslag betyr det at følgjande satsar under folketrygda blir prisjusterte frå 1. juli 2023:

  • Satsar for grunn- og hjelpestønad
  • Stønadssatsar for hjelpemiddel til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet
  • Sats for behovsprøvd gravferdsstønad
  • Makssats for stønad til barnetilsyn for einsleg mor eller far
  • Tilleggsstønader

Dei rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp vert også prisjusterte med verknad frå 1. juli 2023. Den rettleiande satsen for einslege aukar til dømes med 150 kroner i månaden, og den rettleiande satsen for ektepar eller sambuarar aukar med 300 kroner i månaden.

Ytingar under folketrygda som blir regulerte med veksten i grunnbeløpet til folketrygda (G), vert som vanleg justerte frå 1. mai. Det gjeld mellom anna etterlatteytingar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad. Alderspensjon vert regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten.