Historisk arkiv

Ekstratilskot til Nynorsk Pressekontor i 2018 – utvikling av nynorskrobot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

KUD gir eit ekstratilskot på 800 000 kroner til Nynorsk Pressekontor i 2018. Tilskotet skal gå til arbeidet med utvikling av ein "nynorskrobot" – eit verktøy for automatisk omsetting av tekstar frå bokmål til nynorsk.

- For å sikre nynorsk som mediespråk er det avgjerande at den teknologiske utviklinga i bransjen også kjem det nynorske språket til gode. Regjeringa vil støtte opp under ei slik utvikling. Difor gir vi Nynorsk Pressekontor eit ekstratilskot på 800 000 kroner i 2018, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Tilskotet skal gå til arbeidet med ein "nynorskrobot" – eit verktøy for automatisk omsetting av tekstar frå bokmål til nynorsk. Verktøyet vil på ein enkel måte auke tilgangen til nyheiter på nynorsk. Aviser som opnar for å bruke begge skriftspråka, vil få større tilgang på notisar og småstoff på nynorsk.

Fleire av oss vil møte nynorsk i media. For nynorskbrukarar vil tiltaket bety ei styrking av deira demokratiske rett til nyheiter på eiga målform. Målet er at tiltaket skal bidra til auka jamstilling av nynorsk og bokmål i media.

Nynorsk Pressekontor får i 2018 eit driftstilskot på om lag 6 mill. kroner over kap. 326, post 73. For 2019 har NPK søkt om vidareføring av driftstilskotet og i tillegg 1 mill. kroner til arbeidet med utviklinga av nynorskroboten.

Om roboten:
- Skal automatisere omsetting av nyheiter frå bokmål til nynorsk
- Enklare og raskare leveransar til NPKs kundar og lesarane deira
- NPK kan frigjere ressursar til å eigenprodusere eksklusive saker på nynorsk