Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen og Danmarks eldreminister Thyra Frank til Os og Bergen 1. mars

I januar var Åse Michaelsen på besøk i Danmark, no kjem den danske eldreministeren til Noreg for å høyre om norske erfaringar. Dei to statsrådane besøker Os og Bergen kommunar. Tema vil mellom anna vere trivselsreiser til Syden for eldre, akuttmedisinsk eldreomsorg og bruk av teknologi i omsorgstenesta.

Program:

10:00-11:30: Luranetunet, adresse: Solstrandvegen 39, Os. På Luranetunet vil kommunen orientere om erfaringar med statleg finansiert eldreomsorg, førebyggande heimebesøk og kommunen sitt tilbod til dei eldre med trivselsreiser til Syden. Statsrådane vil få ei omvising på Luranetunet, dei møter bebuarar og tilsette, og får også sjå den unike innandørs tropehagen på 1300 kvm.

12:20-14:00: Verdighetssenteret, adresse: Ellerhusens vei 35, Bergen. Verdighetssenteret tilbyr etterutdanning av helsepersonell i akuttmedisinsk eldreomsorg. Dette er mellom anna viktig for å unngå at pasientar unødvendig vert frakta mellom sjukehus og institusjon. Statsrådane får også høyre om eit prosjekt der personar med demens er med på å skape dikt og historier ved å sjå på bilete. På Verdighetssenteret får statsrådane delta i eit musikalsk treningsfellesskap med eldre, der musikk stimulerer til trening.

14:30-16:00: Omsorgsteknologilaboratoriet, adresse: Møllendalsveien 6-8, Bergen. Statsrådane får ei omvising i dei to visningsromma i laboratoriet. Her får politikarane eit innblikk i kva for moglegheiter teknologi kan gi i omsorgstenesta. Dei får også presentert pågåande forsking ved laboratoriet, til dømes om korleis pilotkommunen Lindås brukar omsorgsteknologi i heimetenestene og effekten av det.

Pressa er velkommen. Begge statsrådane er tilgjengelege for intervju.  

Til toppen