Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug besøker Tromsø 12. november

Statsråd Listhaug skal besøke Regional kompetansetjeneste for lindrande behandling (Lindring i nord) og Helsehuset i Tromsø, lindrande avdeling. Besøket skjer i samband med arbeidet med stortingsmelding om lindrande behandling og omsorg.

Program:

Kl. 13.45 – 15.00: Regional kompetanseteneste for lindrande behandling (Lindring i nord)

Kompetansetenesta bidreg til at alvorleg sjuke og døyande og deira pårørande får eit best mogleg behandlings- og omsorgstilbod, uavhengig av kor dei bur. Lindring i nord samarbeider med helsepersonell i sjukehus og i kommunane slik at alle får eit likeverdig tilbod og kan bu heime så lenge som mogleg. Statsråden vil få demonstrert korleis kompetansetenesta har dialog med distriktskommunen Karlsøy via videokommunikasjon.

Adresse: Universitetssjukehuset i Nord-Norge, Hansine Hansens veg 67, Tromsø

Kl. 16.00 – 17.00: Helsehuset, lindrande avdeling

Her får pasientar med uhelbredeleg kreftsjukdom eller andre kompliserte lidingar og kort forventa levetid lindrande behandling og omsorg. Statsråden får omvising og skal snakke med tilsette og pasientar.

Adresse: Hansine Hansens veg 90, Tromsø.

Til toppen