Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020

Elektronisk samhandling i straffesakskjeden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 30 millioner kroner i 2020 til auka elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeden

– Dette skal bidra til ei meir effektiv straffesakskjede og betre kvalitet, seier justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr.

Prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) har i løpet av 2017 og 2018 etablert ein effektiv, sikker og robust digital felleskomponent for utveksling av data (Justishub) innan straffesakskjeda. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Domstoladministrasjonen, Kriminalomsorgsdirektoratet og Politidirektoratet, som og ivaretek behovet for Den høgare påtalemyndigheit.

Dei 30 millionar kronene i 2020 skal særleg gå til å koble fleire sentrale verksemder i straffesakskjeden på Justishub, og å utvikle nye løysingar som gjer det mogleg å utveksle strukturert informasjon mellom fagsystemer for utvalde arbeidsprosessar.