Historisk arkiv

ELN-geriljaen i Colombia frigjev kidnappa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

ELN-geriljaen i Colombia slapp i dag fri to personar som har sete i fangenskap sidan 12. mars i år. Ein norsk diplomat deltok ved frigjevinga saman med mellom anna den katolske kyrkja og Den internasjonale Raude Kross-komiteen.

- Eg er glad for at desse to personane no har blitt frigjevne. Lauslatinga er positiv for fredsforhandlingane mellom ELN-geriljaen og den colombianske regjeringa. Det er no viktig at partane tek konkrete steg for å gjere slutt på lidinga konflikten skapar, og byggjer tillit seg imellom og i befolkninga, seier utanriksminister Børge Brende.

Forhandlingane mellom ELN og regjeringa opna etter fleire år med konfidensielle samtalar og mange startvanskar, den 7. februar i år i Quito i Ecuador. Den første forhandlingsrunden vart avslutta 6. april, neste runde startar i mai.

Det er semje mellom partane om at dei så raskt som mogleg skal setje i verk tillitsbyggjande tiltak som kan bidra til ein reduksjon av konflikten. Norge har assistert partane sidan samtalane kom i gong for tre år sidan. Saman med Brasil, Chile, Cuba, Ecuador og Venezuela er Norge tilretteleggjar også i den offentlege fasen.