Mange landbruksbedrifter i NM for ungdomsbedrifter

I år konkurrerer 138 bedrifter i Noregsmeisterskapen for ungdomsbedrifter. Nær 20 prosent av desse er knytt til mat og landbruk. NM vert i år arrangert heildigitalt av Ungt Entreprenørskap.

– Unge ser næringa på nye måtar, har nye idear og tek initiativ som bidreg til å utvikle næringa i dag og for framtida. At så mange unge startar eigen verksemd innan landbruket lovar godt for rekrutteringa og næringa. Eg heiar på dei og ynskjer dei lukke til i NM, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.  

Aldri før har det vore påmelde så mange til NM for ungdomsbedrift. Bedriftene vert representert av totalt 800 elevar frå alle regionane i landet. I 2020 er NM for ungdomsbedrifter flytta over på digitale plattformar. Konkurransen vert gjennomførd dei siste to vekene i april og den fyrste veka i mai. Det heile vert avslutta med kåringa av Beste ungdomsbedrift i ei direktesending på Facebook fredag 8. mai.

60 finalistar i NM

Torsdag 30. april vart 60 av dei 138 bedriftene kvalifisert vidare i konkurransen. 12 av dei 60 bedriftene er knytt til mat og landbruk. Det utgjer 20 prosent av bedriftene. 

Elevar frå naturbruk, mat- og restaurantfag og studiespesialisering

27 av ungdomsbedriftene er anten drive av elevar frå naturbruk, mat- og restaurantfag eller driv med mat i ein eller annan form. Tretten av ungdomsbedriftene, om lag 10 prosent, kjem frå naturbruk. Sytten ungdomsbedrifter frå ulike studieretningar driv med mat og/eller drikke i ein eller annan form. Elevane i desse bedriftene kjem frå både mat- og restaurantfag, studiespesialisering og naturbruk.

  1. Borken Gardstenester UB
  2. Litt på kanten UB
  3. UB Moolelo
  4. UB Amnni Kalv
  5. UB Marka Mek
  6. Søveknas UB
  7. Færskfesken UB
  8. Laika UB
  9. Happy Tails UB
  10. TETRAspyd UB
  11. TecnoWash UB
  12. TacoTeip UB
  13. LKM UB
  14. Sirup Pikene UB
  15. Álbmot UB
  16. Bestemors Arv UB
  17. Matmester UB
  18. Sæterdugul UB
  19. Økologisk Gardsmat UB
  20. Imperfectum UB
  21. Treats of Amazon UB
  22. The Sweet Corner UB
  23. Eplekjekkasane UB
  24. Gullkorn UB
  25. MOY Sushi UB
  26. Midt i Blinken UB
  27. Ingenmannsland UB

Dei påmelde bedriftene konkurrerer i følgjande elleve kategoriar:

  1. Beste yrkesfaglege bedrift
  2. Innovasjonsprisen
  3. Beste forretningsplan.
  4. Beste samarbeid med næringslivet.
  5. Beste marknadsføring – i samarbeid med Virke.
  6. Bærekraftprisen – i samarbeid med Storebrand.
  7. Beste kundeoppleving på nett – i samarbeid med Visma.
  8. Størst potensial for verdiskaping – i samarbeid med Ferd.
  9. Beste HR-bedrift – i samarbeid med ManpowerGroup
  10. Beste rekneskap – i samarbeid med Spleiselaget.
  11. Beste ungdomsbedrift – vinnaren representerer Noreg i EM.

Vert vurdert av ein jury

Juryane har representantar for bedrifter, organisasjonsliv og forvaltning jobbar digitalt med å velje ut dei tre beste i kvar kategori. Juryen vurderer ungdomsbedriftene ut frå materiale dei har sendt inn på førehand og veljar ut dei beste som dei intervjuar over nett. Tilbakemeldingane frå juryen til ungdomsbedriftene er viktig motivasjon for elevane og vert sett stor pris på.

Kåring i dei ulike kategoriane

Tirsdag 5. mai vart den beste yrkesfaglege bedriften kåra. LKM frå Tomb vidaregåande skule kom på tredje plass. Dei går naturbruk, og forretningsideen deiras er økologisk, kortreist og eigenprodusert sitjeunderlag frå eigen sau.