Historisk arkiv

Enda tryggare med burettslag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Burettslag er ein trygg og god eigarmodell som gjev folk mulegheit for eigen bustad. For å hindre at burettslagsmodellen vert misbruka, gjer regjeringa framlegg om lovendringar som gjer det enda tryggare å kjøpe burettslagsbustad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Burettslag er ein trygg og god eigarmodell som gjev folk mulegheit for eigen bustad. For å hindre at burettslagsmodellen vert misbruka, gjer regjeringa framlegg om lovendringar som gjer det enda tryggare å kjøpe burettslagsbustad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil mellom anna forby etablering av nye låginnskotsburettslag. 
- Vi gjer framlegg om at det maksimalt kan vere 75 prosent fellesgjeld når eit nytt burettslag vert stifta, seier Navarsete.

Regjeringa vil også lovfeste minimumskrav til tilbydarar av sikringsordningar. Krava skal hindre at andre deleigarar får regninga viss ein av naboane ikkje betaler felleskostnadene sine. Kommunal- og regionaldepartementet skal utarbeide forskrifter om innhaldet i sikringsordningane.  Dei vil byggje på framlegga frå eit offentleg utval som la fram NOU 2009:17.
- Eg vonar ei slik lovfesting vil gjere at fleire aktørar kjem på banen for å tilby sikringsordningar til burettslaga, seier Navarsete.

- Vi ønskjer også å forby såkalla ”spekulasjonskjøp”. Det inneber mellom anna at eigedomsselskap med spekulasjonsføremål ikkje kan kjøpe burettslagsbustader frå utbyggjar også før burettslaget er stifta, seier Navarsete.

Regjeringa foreslår dessutan nye reglar som gjev kjøparane presise opplysningar om totalprisen på bustaden.
- Det er viktig å sikre trygge rammer rundt bustadkjøp og hindre at folk i verste fall vert gjeldsoffer, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.