Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Endringane i tomtefestelova trer i kraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Endringane gjeld regulering av festeavgift, innløysing og lenging der tomt er festa bort til fritidshus eller bustadhus. Vidare er tomtefesteforskrifta endra og det er fastsett ei eiga overgangsforskrift. (15.10)

Pressemelding

Nr.: 73 – 2004
Dato: 15.10.2004

Endringane i tomtefestelova trer i kraft

Endringane i tomtefestelova trer i kraft 1. november 2004, etter vedtak av Kongen i statsråd i dag. Endringane gjeld særleg spørsmåla om innløysingsrett, lengingsrett (rett til å fortsetje festehøvet) og regulering av festeavgift for tomter som er festa bort til bustadhus eller fritidshus. Vidare er tomtefesteforskrifta endra og det er fastsett ei eiga overgangsforskrift.

Med dette vert Stortinget si handsaming av saka følgd opp av Regjeringa. Det er om lag 300.000 festetomter til bustad- eller fritidshus i Noreg.

Som hovudregel kan ein festar krevje å få løyse inn festetomt til bustadhus og fritidshus. Dette kan krevjast når det er gått 30 år av festetida, seinare kvar gong det er gått 10 år, og når festetida er ute. Når festetida er ute kan festaren i staden krevje lenging av festet på same vilkår som før. Festehøvet vil då stå ved lag utan tidsavgrensing. Festaren sine etterlatne kan og på nærare vilkår krevje innløysing og lenging der tomta har vore festa bort for festaren sin livstid og festaren døyr. Endringane i tomtefestelova er fastsett ved lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

I samband med ikraftsetjinga, er det fastsett ei eiga overgangsforskrift. Etter denne vil endringane som gjeld innløysings- og lengingsretten som hovudregel gjelde der festaren kan fremje krav på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare. Festaren må setje fram slike krav minst eitt år på førehand.

Det er vidare gjort endringar i tomtefesteforskrifta, dvs. i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. Dersom ein av partane ber fylkesmannen om å avgjere kva som skal følgje med ved innløysinga, skal fylkesmannen kunne fastsetje korleis rettshøvet knytte til fellesanlegg og fellestiltak i eit område skal vidareførast. Dette gjeld berre når det er tale om punktfeste og i einskilde andre høve. Vidare skal fylkesmannen kunne fastsetje slike særrettar som ved innløysing av punktfeste er naudsynte for å halde oppe bruken av bortfestaren sin attverande eigedom, og for at brukarar av den attverande eigedom ikkje skal påførast særskilt tap eller kostnad ved at punktfestet blir ei sjølveigande tomt. Til dømes kan fylkesmannen for å verne om beitebruk fastsetje beiterett på den innløyste tomta, eller at tomteeigaren skal ha plikt til å setje opp gjerde. Elles er endringane i forskrifta forskriftstekniske justeringar, som ein rein konsekvens av lovendringane.

Dei vedtekne endringane i tomtefestelova gir innløysingsrett også i statsallmenningar. Som følgje av dette vurderer Landbruksdepartementet for tida spørsmål som er knytta til disponeringa av innløysingssummene og finansieringa av statsallmenningsforvaltninga.

Aktuelle lenker:

Til toppen