Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Endringar blant dei politiske rådgivarane

Statsministerens kontor har engasjert Therese Eia Lerøen som politisk rådgivar for kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, i den tida politisk rådgivar Maria Kristina Göthner er konstituert som statssekretær i Kunnskapsdepartementet, frå 1. januar 2020 til 15. mai 2020.

Monica Molvær er engasjert som politisk rådgivar for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie frå 9. desember 2019 til 4. mai 2020. Politisk rådgivar Fredrik Tronhuus har foreldrepermisjon frå 2. januar til 1. mai 2020.

Erlend Svardal Bøe er engasjert som politisk rådgivar for helseminister Bent Høie, i den tida politisk rådgivar Saliba Andreas Korkunc har foreldrepermisjon og ferie, frå 13. januar til 20. juli 2020.

Politisk rådgivar Gjermund Øystese sluttar som politisk rådgivar for utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. Kristine Madeleine Banggren Gripsgård er engasjert som politisk rådgivar for utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. Banggren Gripsgård har fødselspermisjon til 30. april 2020, og Sondre Olsen er engasjert som politisk rådgivar for utviklingsminister Dag-Inge Ulstein frå 8. november 2019 til 30. april 2020.

 

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Framstegspartiet (FrP), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Dei politiske rådgivarane er:

For statsminister Erna Solberg (H)
Peder Weidemann Egseth (H)

For finansminister Siv Jensen (FrP)
Julia Sanna Maria Brännström Nordtug (FrP)

For kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V)
Mona Melanie Lindseth (V)

For barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
Elisabeth Løland (KrF)

For kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H)
Maria Kristine Göthner (H) – konstituert som statssekretær 1. januar – 15. mai 2020
Therese Eia Lerøen (H) – vikar 1. januar – 15. mai 2020

For eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (FrP)
Maria Alseth (FrP)

For kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H)
Kristoffer Aardal Hanssen (H)

For helseminister Bent Høie (H)
Saliba Andreas Korkunc (H) – permisjon 28. januar – 26. juli 2020
Erlend Svardal Bøe (H) – vikar 13. januar – 20. juli 2020

For utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H)
Marte Ziolkowski (H)

For næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
Anna Molberg (H)

For arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H)
Fredrik Tronhuus (H) – permisjon 2. januar – 1. mai 2020
Monica Molvær (H) – vikar 9. desember – 4. mai 2020

For samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP)
Karine Skaret (FrP)

For forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)
Johannes Utvåg (H)

For klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V)
Marit Kristine Vea (V)

For digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H)
Jenny Clemet von Tetzschner (H)

For forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V)
Kjartan Almenning (V)

For fiskeriminister Harald Tom Nesvik (FrP)
Britt Dalsbotten (FrP)

For olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (FrP)
Bjørn Siem Knudsen (FrP)

For landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad (KrF)
Erlend Kjærnsrød (KrF)

For samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP)
Kristian Paulsen Wilsgård (FrP)

For utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF)
Kristine Madeleine Banggren Gripsgård (KrF) – permisjon 8. november 2019 til 30. april 2020
Sondre Olsen (KrF) – vikar 8. november – 30. april 2020

For justis- og innvandringsminister Jøran André Smedal Kallmyr (FrP)
Christoffer Pederssen (FrP)

Til toppen