Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Endringar blant dei politiske rådgivarane

Statsministerens kontor har engasjert Hannah Atic i eit vikariat som politisk rådgivar for statsminister Erna Solberg frå 1. mars til og med 16. august 2020. Politisk rådgivar Peder Egseth har permisjon frå 23. mars.

Hannah Atic fråtrer 29. februar stillinga som politisk rådgivar for arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen. Ho vert erstatta av Embla Belsvik som er engasjert som politisk rådgivar for arbeids- og sosialministeren frå 1. mars.

Statsministerens kontor har engasjert Vanja Terentieff som politisk rådgivar for fiskeri- og sjømatminister Geir Inge Sivertsen frå 27. januar 2020.

Etter endringane i regjeringa fredag 24. januar, fråtredde Britt Dalsbotten som politisk rådgivar for dåverande fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik.

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Dei politiske rådgivarane er:

For statsminister Erna Solberg (H)
Peder Weidemann Egseth (H) – permisjon og ferie 23.03.–03.08.2020
Hannah Sumeja Atic (H) – vikar frå 01.03–16.08.2020

For kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V)
Lars Brandsås (V)

For barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
Maria Moe (KrF)

For finansminister Jan Tore Sanner (H)
Serine Jonassen (H)

For justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H)
Kristoffer Aardal Hanssen (H)

For helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)
Saliba Andreas Korkunc (H) – permisjon 28.01.–26.07.2020
Erlend Svardal Bøe (H) – vikar fra 13.01–20.07.2020

For utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H)
Marte Ziolkowski (H)

For arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
Hannah Sumeja Atic (H) – til og med 29.02.2020
Embla Belsvik (H) frå 01.03.2020

For distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H)
Maren Aasan (H)

For forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)
Johannes Utvåg (H)

For kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H)
Jenny Clemet von Tetzschner (H)

For fiskeri- og sjømatminister Geir Inge Sivertsen (H)
Vanja Terentieff (H)

For næringsminister Iselin Nybø (V)
Britt Giske Andersen (V)

For landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad (KrF)
Erlend Kjærnsrød (KrF)

For utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF)
Kristine Gripsgård (KrF) – permisjon 08.11.2019–30.04.2020
Sondre Olsen (KrF) – vikar 08.11.2019–30.04.2020

For forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H)
Therese Eia Lerøen (H)

For kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V)
Emma Lind (V)

For olje- og energiminister Tina Bru (H)
Tony Christian Tiller (H)

For klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V)
Even Aronsen (V)

Til toppen