Endringar blant dei politiske rådgivarane

Kommunikasjonsrådgivar Kaia Jarlsby er engasjert som politisk rådgivar for statsråd Linda Hofstad Helleland i Kommunal- og moderniseringsdepartementet frå og med 3. august 2020. Politisk rådgivar Maren Aasan fråtrer 9. august.

I Helse- og omsorgsdepartementet avsluttar politisk rådgivar Saliba Andreas Korkunc foreldrepermisjonen sin tre veker tidlegare enn planlagt, og er tilbake på jobb for statsråd Bent Høie frå 6. juli 2020.

Erlend Svardal Bøe, som har vore engasjert som politisk rådgivar i den perioden Korkunc har hatt permisjon, held fram i engasjementet til og med 20. juli, som tidlegare planlagt. Statsråd Bent Høie har dermed to politiske rådgivarar i perioden 6.–20. juli 2020.

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Dei politiske rådgivarane er:

For statsminister Erna Solberg (H)
Hannah Sumeja Atic (H)

For næringsminister Iselin Nybø (V)
Britt Giske Andersen (V)

For barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
Maria Moe (KrF)

For finansminister Jan Tore Sanner (H)
Serine Jonassen (H)

For justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H)
Kristoffer Aardal Hanssen (H)

For helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)
Saliba Andreas Korkunc (H)
Erlend Svardal Bøe (H) – vikar fram til 20. juli 2020

For utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H)
Marte Ziolkowski (H)

For arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
Embla Belsvik (H)

For distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H)
Kaia Jarlsby (H) – frå 3. august 2020
Maren Aasan (H) – fram til 9. august 2020

For forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)
Johannes Utvåg (H)

For kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H)
Jenny Clemet von Tetzschner (H)

For samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF)
Stig-Øyvind Blystad  (KrF)

For landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad (KrF)
Erlend Kjærnsrød (KrF)

For utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF)
Kristine Gripsgård (KrF)

For forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H)
Therese Eia Lerøen (H)

For kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V)
Emma Lind (V)

For olje- og energiminister Tina Bru (H)
Erlend Jordal (H)

For klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V)
Even Aronsen (V)

For fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen
Vanja Terentieff (H)

For kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V)
Lars Øye Brandsås (V)