Historisk arkiv

Endringar blant statssekretærane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

I samband med endringane i regjeringa i dag, er statssekretærane Terje Moland Pedersen, Astri Aas-Hansen og Pål Lønseth i Justisdepartementet og Roger Ingebrigtsen i Forsvarsdepartementet gjenoppnemnde, med verknad frå i dag kl. 14.30.

I samband med endringane i regjeringa i dag, har Kongen i statsråd gjenoppnemnd statssekretærane Terje Moland Pedersen, Astri Aas-Hansen og Pål Lønseth i Justisdepartementet og Roger Ingebrigtsen i Forsvarsdepartementet, med verknad frå i dag kl. 14.30. Frå same tidspunkt har statssekretær Espen Barth Eide fått avskil i nåde som statssekretær i Utanriksdepartementet.

Samstundes har Statsministerens kontor stadfest Eirik Øwre Thorshaug si konstituering som statssekretær i Justisdepartementet ut 2011.

Regjeringa er utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Senterpartiet (Sp). Lista over statssekretærar ser nå slik ut:

For statsminister Jens Stoltenberg (Ap)
Rita Skjærvik (Ap)
Tor Brostigen (SV)
Dagfinn Sundsbø (Sp)
Hans Kristian Amundsen (Ap)
Svein Fjellheim (Ap)
Snorre Wikstrøm (Ap)
Mina Gerhardsen (Ap)
– permisjon frå 7. mai 2011. Avskil 30. september 2011, med verknad frå den dato
                                                           Statsministerens kontor bestemmer
Inger-Anne Ravlum (Ap)

For kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV)
Lisbeth Rugtvedt (SV)
Roger Sandum (SV)

For kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Hege Solbakken (Sp)
Guri Størvold (Sp)
Dag-Henrik Sandbakken (Sp)
Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)
– konstituert frå 3. oktober 2011 og ut den tida Hege Solbakken har fødselspermisjon

For utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap)
Gry Larsen (Ap)
Erik Lahnstein (Sp)

For justisminister Grete Faremo (Ap)
Terje Moland Pedersen (Ap)
Astri Aas-Hansen (Ap)
Pål Lønseth (Ap)
Eirik Øwre Thorshaug (Ap) – konstituert 11. november 2011-31. desember 2011

For finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap)
Hilde Singsaas (Ap)
Kjetil Lund (Ap)
Roger Schjerva (SV)
Morten Søberg (Sp)

For nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap)
Rikke Lind (Ap)
Halvard Ingebrigtsen (Ap)

For samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)
Lars Erik Bartnes (Sp)

For helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)
Ragnhild Mathisen (Ap)
Robin Kåss (Ap)
Lotte Grepp Knutsen (Ap) – tiltrer 27. desember 2011

For miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV)
Heidi Sørensen (SV) - miljøsaker
Ingrid Fiskaa (SV) – utviklingssaker

For forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland (SV)
Kyrre Lekve (SV)

For kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap)
Lotte Grepp Knutsen (Ap)
– permisjon og ferie frå 7. mars 2011. Avskil frå 27. desember 2011
Lubna Jaffery (Ap)
Mina Gerhardsen (Ap)– utnemnd, 30. september 2011, tiltrer frå den dato
                                                    Statsministerens kontor bestemmer
Kjersti Stenseng (Ap) – konstituert 1. november 2011-31. desember 2011.

For landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp)
Harald Oskar Buttedahl (Sp)

For fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud (Ap)
Raimo Valle (Ap)
Tone-Helen Toften (Ap)

For arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap)
Jan-Erik Støstad (Ap)
Gina Lund (Ap)

For fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap)
Kristine Gramstad (Ap)

For barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV)
Henriette Westhrin (SV)
Kirsti Bergstø (SV)

For olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp)
Eli Blakstad (Sp)
Per Rune Henriksen (Ap)

For forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap)
Roger Ingebrigtsen (Ap)

Til toppen