Historisk arkiv

Endringar blant statssekretærane

Kongen har i statsrådet i dag utnemnd Tone Toften til statssekretær i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Lotte Grepp Knutsen til statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet og Mina Gerhardsen til statsekretær i Kulturdepartementet.

Kongen har i statsrådet i dag utnemnd statssekretær Tone Toften til statssekretær for statsråd Rigmor Aasrud i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Toften har samtidig fått avskjed i nåde frå embetet som statssekretær for helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

I statsrådet i dag er statssekretær Lotte Grepp Knutsen utnemnd som statssekretær for statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen i Helse- og omsorgsdepartementet frå 27. desember 2011. Frå same dato har Grepp Knutsen fått avskjed i nåde frå embetet som statssekretær for kulturminister Anniken Huitfeldt.

Kongen har i statsrådet i dag utnemnd statssekretær Mina Gerhardsen som statssekretær for statsråd Anniken Huitfeldt i Kulturdepartementet frå den dato Statsministerens kontor bestemmer. Frå same dato får Gerhardsen avskjed i nåde frå embetet som statssekretær for statsminister Jens Stoltenberg.

I statsrådet i dag vart konstitusjonen av Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim som statssekretær for statsråd Liv Signe Navarsete i Kommunal- og regionaldepartementet forlenga frå 3. oktober 2011 og ut den tida Hege Solbakken har fødselspermisjon.

Regjeringa er utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Senterpartiet (Sp). Lista over statssekretærar ser no slik ut:

For statsminister Jens Stoltenberg (Ap)
Rita Skjærvik (Ap)
Tor Brostigen (SV)
Dagfinn Sundsbø (Sp)
Hans Kristian Amundsen (Ap)
Svein Fjellheim (Ap)
Snorre Wikstrøm (Ap)
Mina Gerhardsen (Ap)
– permisjon frå 7. mai 2011. Avskjed frå den dato Statsministerens kontor bestemmer
Inger-Anne Ravlum (Ap)

For kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV)
Lisbeth Rugtvedt (SV)
Roger Sandum (SV)

For kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Hege Solbakken (Sp)
Guri Størvold (Sp) – permisjon 6. mars 2011-2. oktober 2011
Dag-Henrik Sandbakken (Sp)
Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)
– departementskonstituert 14. februar 2011-2. oktober 2011
– konstituert 3. oktober 2011 og ut den tiden Hege Solbakken har fødselspermisjon

For utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap)
Espen Barth Eide (Ap)
Gry Larsen (Ap)
Erik Lahnstein (Sp)

For forsvarsminister Grete Faremo (Ap)
Roger Ingebrigtsen (Ap)

For finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap)
Hilde Singsaas (Ap)
Kjetil Lund (Ap)
Roger Schjerva (SV)
Morten Søberg (Sp)

For nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap)
Rikke Lind (Ap)
Halvard Ingebrigtsen (Ap)

For samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)
Lars Erik Bartnes (Sp)

For helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)
Ragnhild Mathisen (Ap)
Robin Kåss (Ap)
Lotte Grepp Knutsen (Ap) – tiltrer 27. desember 2011

For miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV)
Heidi Sørensen (SV) - miljøsaker
Ingrid Fiskaa (SV) – utviklingssaker

For justisminister Knut Storberget (Ap)
Terje Moland Pedersen (Ap)
Astri Aas-Hansen (Ap)
Pål Lønseth (Ap)
Eirik Øwre Thorshaug (Ap)
– departementkonstituert frå 19. september 2011 og ut året

For forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland (SV)
Kyrre Lekve (SV)

For kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap)
Lotte Grepp Knutsen (Ap)
– permisjon og ferie frå 7. mars 2011. Avskjed frå 27. desember 2011
Lubna Jaffery (Ap)
Roger Solheim (Ap) – departementskonstituert 7. mars 2011-30. desember 2011
Mina Gerhardsen (Ap)– tiltrer frå den dato Statsministerens kontor bestemmer

For landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp)

For fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud (Ap)
Raimo Valle (Ap)
Tone-Helen Toften (Ap)

For arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap)
Jan-Erik Støstad (Ap)
Gina Lund (Ap)

For fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap)
Kristine Gramstad (Ap)

For barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV)
Henriette Westhrin (SV)
Kirsti Bergstø (SV)

For olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp)
Eli Blakstad (Sp)
Per Rune Henriksen (Ap)