Endringar blant statssekretærane

Kongen har i statsråd i dag gjeve statssekretær Laila Bokhari avskil som statssekretær for statsminister Erna Solberg, og utnemnt henne som statssekretær for utanriksminister Børge Brende, frå det tidspunktet Statsministerens kontor fastset.

Samstundes er direktør Marianne Eikvåg Groth utnemnt som statssekretær for statsminister Erna Solberg, frå det tidspunktet Statsministerens kontor fastset.

Statsministerens kontor har konstituert politisk rådgjevar Maria Bjerke som statssekretær for statsråd Bent Høie i Helse- og omsorgsdepartementet i perioden 1. august 2016 - 2. oktober 2016, medan konstituert statssekretær Fredrik Wang Gierløff har permisjon.

Regjeringa er utgått frå Høgre (H) og Framstegspartiet (FrP). Statssekretærane er:

For statsminister Erna Solberg (H)
Julie Margrethe Brodtkorb (H)
Lars Øy (H)
Sigbjørn Aanes (H)
Himanshu Gulati (FrP) - 75 prosent frå 15.01.2016
Laila Bokhari (H) - permisjon 13.07.2015-17.07.2016
Torkild Solli Haukaas (H)
Ingvild Næss Stub (H)
Marianne Eikvåg Groth (H) – frå det tidspunktet SMK fastset

For finansminister Siv Jensen (FrP)
Paal Bjørnestad (FrP)
Jørgen Næsje (FrP)
Tore Vamraak (H)
André Kolve (FrP)
Petter Kvinge Tvedt (FrP)

For kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H)
Paul Chaffey (H)
Per-Willy Trudvang Amundsen (FrP)
Kristin Holm Jensen (H)
Anne Karin Olli (H)
Grete Ellingsen (H)

For samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP)
Tom Cato Karlsen (FrP)
Reynir Johannesson (FrP)
Tom-Christer Nilsen (H)

For utanriksminister Børge Brende (H)
Tone Skogen (H)
Tore Hattrem (H)
Laila Bokhari (H) – frå det tidspunktet SMK fastset

For EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker (H)
Elsbeth Tronstad (H)

For næringsminister Monica Mæland (H)
Lars Jacob Hiim (H)
Dilek Ayhan (H)

For klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H)
Lars Andreas Lunde (H)

For barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP)
Kai-Morten Terning (FrP)

For helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)
Anne Grethe Erlandsen (H)
Lisbeth Normann (H)
Cecilie Brein-Karlsen (FrP) – permisjon 23.05.2016-30.01.2017
Fredrik Wang Gierløff (H) – konstituert 14.05.2016-30.01.2017, 
                                            permisjon 25.07.2016-02.10.2016
Maria Bjerke (H) – konstituert 01.08.2016-02.10.2016

For justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP)
Gjermund Hagesæter (FrP)
Ove Vanebo (FrP)

For olje- og energiminister Tord Lien (FrP)
Kjell-Børge Freiberg (FrP)
Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP)

For forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H)
Øystein Bø (H)

For innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP)
Vidar Brein-Karlsen (FrP)
Marit Berger Røsland (H)
Hanne Caroline Simonsen Iversen (FrP)

For kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
Bjørn Haugstad (H)
Birgitte Jordahl (H)

For fiskeriminister Per Sandberg (FrP)
Ronny Berg (FrP)
Roy Angelvik (FrP)

For arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H)
Thor Kleppen Sættem (H)
Christl Kvam (H)

For kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland (H)
Bård Folke Fredriksen (H)
Himanshu Gulati (FrP) - 25 prosent frå 15.01.2016

For landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP)
Hanne Maren Blåfjelldal (FrP) – permisjon 27.06.2016-30.04.2017
Terje Halleland (FrP) - konstituert 18.04.2016-30.04.2017