Historisk arkiv

Endringar i autorisasjonstittelen for farmasøytar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Endringar i helsepersonelloven om endra autorisasjonstittel for farmasøytar trer i kraft frå 1. april 2007. Frå dette tidspunktet vil gjeldande ordning med ein felles autorisasjonstittel for alle farmasøytar opphøyre, og vi får i staden to nye autorisasjonstitlar.

Farmasøytar med treårig høgskoleutdanning vil bli autorisert som ”reseptarfarmasøyt”, medan farmasøytar med femårig universitetsutdanning, dvs. cand.pharm., vil bli autorisert som ”provisorfarmasøyt”. Endringane i autorisasjonstittelen for farmasøytar er gjeve for å synleggjere skilnaden på kompetansen som dei to utdanningane fører til.

Alle farmasøytar vil i nær framtid få tilsendt nye autorisasjonsdokument frå Statens autorisasjonskontor for helsepersonell. Desse vil vere gyldige frå og med 1. april 2007. Dei gamle autorisasjonsdokumenta vil dermed ikkje lenger vere gyldige.

Til toppen