Historisk arkiv

Endringar i barnelova og meklingsforskrifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Dei nye endringane i barnelova og meklingsforskrifta gjer at foreldre ikkje pliktar å mekle dersom ein av dei er dømde for alvorleg vald eller overgrep mot eigne barn, etter visse avgjerder i straffelova.

Barnelova gjer det obligatorisk for foreldre med felles barn under 16 år å mekle ved samlivsbrot eller før ei foreldretvistsak kjem for domstolane. Foreldra er også pliktige til å mekle dersom dei er ueinige om at barnet skal flytte.

Endringane som trer i kraft i dag inneber at foreldre ikkje pliktar å mekle i desse høva dersom ein av dei er dømde etter straffelova sine avgjerder om:

  • tvangsekteskap,
  • grovt fridomstap,
  • grov menneskehandel,
  • slaveri,
  • grov kroppsskade,
  • drap,
  • grov mishandling i nære relasjonar,
  • grov kjønnslemlesting,
  • valdtekt og grov uaktsom valdtekt
  • og valdtekt av barn under 14 år, seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år, incest og seksuell omgang mellom nærstående.

Unntaket frå meklingsplikta inneber at foreldre kan reise ei foreldretvistsak for domstolane, søke om separasjon/skilsmisse og utvida barnetrygd – utan å ha gjennomført mekling i forkant.

Saka har vore på høyring fram til 1. april i år.

Les forskriftsendringa.