Historisk arkiv

Endringar i delegering av mynde til å avgjere odelsfrigjeringssaker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Som oppfølging av endringane i eigedomslovgivinga i landbruket som trådte i kraft 1. juli 2009 er det gjort endringar i myndet til å avgjere odelsfrigjeringssaker.

Landbruks- og matdepartementet har også fastsett ny forskrift om sakshandsaming i saker om odelsfrigjering etter odelslova §§ 30 til 32. Bakgrunnen for endringane er at praksis viser at det eksisterer ein viss uklarleik knytta til kven som skal handsame og avgjere dei ulike typer odelsfrigjeringssaker samt at det er behov for reglar for sakshandsaminga av desse sakene.

- Endringane er samtidig ei ytterlegare forenkling av sakshandsaminga av odelsfrigjeringssaker og vil føre til raskare handsaming, sier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.  

Endringar i delegering av mynde
Ved kongeleg resolusjon av 11. februar 2011 Delegering etter lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten har Landbruks- og matdepartementet fått dei fullmakter som etter nemnde lov er lagde til Kongen. Endringane trer i kraft straks. Landbruks- og matdepartementet har tidlegare fått delegert til seg mynde etter ei rekkje føresegner i odelslova. Endringane inneber at dei resterande oppgåvene også blir delegert til dette departementet.

Landbruks- og matdepartementet har med verknad frå same dato vedteke å gjere endringar i vedtak av 8. desember 2003 nr. 1479 om overføring av myndighet til kommunen, fylkesmannen, Statens landbruksforvaltning og Direktoratet for mineralforvaltning etter konsesjonsloven, jordlova og odelsloven. Fylkesmannen har nå mynde til å avgjere saker som gjeld odelsfrigjering etter odelslova §§ 30 til 32, medan kommunen har mynde til å avgjere om det skal takast steg til odelsfrigjering etter odelslova §§ 30 til 32, jf. odelslova § 33.

Forskrift om saksbehandling
Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om sakshandsaming i saker om odelsfrigjering etter odelslova §§ 30 til 32. Ved lovendringane som trådte i kraft 1. juli 2009 blei det gitt ein heimel i odelslova § 33 til å gi forskrift om saksførebuinga i odelsfrigjeringssakene. Det er få reglar på dette området frå før og forskrifta vil forenkle arbeidet med desse sakene og føre til raskare sakshandsaming.

Frist for å søkje om odelsfrigjering
Søknad om odelsfrigjering etter odelslova §§ 30 til 32 må setjast fram innan to månader etter at stemning i løysingssak blei forkynt for eigaren.