Historisk arkiv

Endringar i fastsetjing av grunnlaget for sjukepengar, foreldrepengar og pleiepengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Lovproposisjon om endringar i folketrygdlova vart handsama i statsråd 9. desember.

Proposisjonen (Prop. 37 L (2016–2017)) inneheld mellom anna forslag til somme endringar i regelverket for fastsetjing av grunnlaget for utrekning av sjukepengar, foreldrepengar, pleiepengar for arbeidstakarar og frilansarar. Dette skjer mellom anna som følgje av innføring av a-ordninga. Endringane er mest av det tekniske slaget. Forslaga vil ikkje gje lågare kompensasjonsnivå for den einskilde sjukepengemottakar. 

Føremålet med forslaga er å mogleggjere effektiv bruk av opplysingar frå a-ordninga når ein fastset grunnlaget for dei ulike ytingane. 

Ein føreslår også å styrkje sjukepengerettane til personar som har inntekt både som sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar.

Les proposisjonen her (Prop. 37 L (2016–2017))