Historisk arkiv

Endringar i friluftslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har fremja eit forslag om at kommunalt fastsette ferdselsreglar etter friluftslova ikkje lengre må stadfestast av fylkesmannen. Det vil framleis vere mogleg å klage på slike ferdselsreglar.

Klima- og miljødepartementet føreslår å oppheve kravet om at fylkesmannen må stadfeste kommunalt fastsette reglar om ferdsel i utmark, ferdsel på veg eller sti i innmark, ferdsel på visse friluftsområde og sperring av særleg utsette område. Dette er ei oppfølging av kommune- og regionreforma.

kobberhaugvannet i Nordmarka
Tur langs blåmerka sti ved Kobberhaugvannet i Nordmarka. Foto: Marianne Gjørv

Departementet vidarefører regelen om at eigaren eller brukaren av eigedommen, andre kommunar, fylkeskommunen eller eit interessert friluftslag kan klage på slike ferdselsreglar. Med forslaget vil også fylkesmannen få slik klagerett. Dette skal bidra til framleis god ivaretaking av allemannsretten.

Vidare føreslår departementet å oppheve regelen i friluftslova § 22 om at departementet kan instruere fylkeskommunane på friluftsområdet gjennom retningslinjer. Slik oppgåvetildeling skal i staden berre skje ved fastsetjing av forskrift.

Departementet hadde òg på høyring forslag om å flytte departementets myndigheit til å tildele fylkeskommunane slike oppgåver, til Kongen. Departementet føreslår at denne myndigheita framleis er delegert til departementet.

Du kan lese forslaget her.