Historisk arkiv

Endringar i inndelingslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Departementet føreslår at Kongen i statsråd skal kunne fatte vedtak om å flytte inntil éin kommune til eit anna fylke, uansett talet på innbyggjarar i kommunen.

Departementet føreslår at Kongen i statsråd skal kunne fatte vedtak om å flytte inntil éin kommune til eit anna fylke, uansett talet på innbyggjarar i kommunen.

Saker som gjeld to eller fleire kommunar, må Stortinget avgjere.

Inndelingslova seier i dag at Kongen kan gjere vedtak om grensejusteringar, men saker som får følgjer for fleire innbyggjarar enn dei som står bak kvart stortingsmandat i fylket, skal leggjast fram for Stortinget.

- Eg har vege omsynet til at Kongen ikkje skal kunne påverke samansetjinga av Stortinget, opp mot omsynet til praktisk sakshandsaming, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Proposisjonen inneheld òg framlegg om andre mindre endringar i inndelingslova.

Her kan du lese proposisjonen