Historisk arkiv

Endringar i reglane om nydyrking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett endringar i forskrift om nydyrking (nydyrkingsforskrifta). Det blir innført eit forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfyllte.

– Eg er glad for at vi har fått på plass eit regelverk som gir bonden høve til å halde oppe jordbruksdrifta, samstundes som forbodet kan bidra til å redusere klimagassutslepp frå jordbruket, seier statsråd Bollestad.

Endringane er ei oppfølgjing av prop. 39 L (2018-2019) Endringer i jordlova mv. (klimahensyn ved nydyrking). Eit fleirtal i Stortinget har lagt til grunn at det skal bli innført eit forbod mot nydyrking av myr i nydyrkingsforskrifta. Eit slikt forbod er derfor tatt inn i ein ny regel i forskrifta.

Det blir opna for at kommunen kan tillate dyrking av myr når grunneigar mister andre produksjonsareal på grunn av tap av leigejord eller ved utbygging i offentleg regi som samferdsletiltak eller liknande. Kommunen kan også tillate dyrking av myr der grunneigaren sin einaste dyrkingsressurs er myr, eller for å ivareta særskilte produksjonar i myr på fjellgrunn.

Det er også fastsett nokre forskriftsendringar av meir redaksjonell karakter, og tilvisingar til relevant regelverk er oppdatert.

Endringane i nydyrkingsforskrifta tek til å gjelde 2. juni 2020.