Endringar i Samarbeidsrådet for kultur og reiseliv

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Samarbeidsrådet for kultur og reiseliv får tre nye medlemmar. Dei tre er Nina Lauvsnes, frå Festspillene i Bergen, Ingrid Røynesdal frå Oslo Filharmonien og Christina Hætta, som mellom anna er leiar for Samerådets kulturavdeling.

Regjeringa oppretta samarbeidsrådet for kultur og reiseliv i juni 2017.
Samarbeidsrådet har som si hovudoppgåve å sjå på korleis reiselivs- og kulturnæringa kan samarbeide, og å kome med konkrete råd til regjeringa og kultur- og reiselivsaktørane.

Målet for arbeidet er å få til auka verdiskaping på feltet. 

Godt samarbeid mellom kultur og reiseliv, og auka satsing på kulturturisme, vil vere med å utvikle Norge som eit spennande reisemål året rundt.

Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet samarbeider om å fremme samspelet mellom kultur og reiseliv. Vinteren 2019 skal det  leggast fram ein strategi for kultur og reiseliv som skal bidra til å auke den samla verdiskapinga i norsk nærings- og kulturliv, gjennom å styrke Norge som kulturdestinasjon.

Samarbeidsrådet har no denne samansetninga:

Rådsleder: 
Reidar Fuglestad

Rådsmedlemmer:

 
Sørlandets Kunstmuseum

Knut- Eirik Dybdal                            

Tove Moe Dyrhaug                          

Hege Anita Eilertsen                        

Bård Flikke                                       

Stein Olav Henrichsen

Kristian Jørgensen

Lisbeth Klastrup 

Marit Lien

Monja Mjelva

Line Endresen 

Kjetil Smørås

Svein Arild Steen-Mevold

Morten Thorvaldsen

Nina Lauvsnes

Christina Hætta

Ingrid Røynesdal

 

Arctic Race of Norway

Rosenborg Ballklubb

MuseumNord

Pstereofestivalen

Munchmuseet

Fjord Norge

IT Universitetet i København

Peer Gynt

Hotel Union Geiranger

Hovedorganisasjonen Virke          

De Bergenske

Scandic Hotels

NHO/Olav Thon Gruppen

Festspillene i Bergen

Riddu Riddu/Samerådet

Oslo Filharmonien

Sekretær:
Kirsti M. Hjemdahl

Agderforskning

Dei tre som går ut av rådet er Sølvi Rolland, Karin Hindsbo og Maria Utsi