Historisk arkiv

Endringar i lov om veddemål ved totalisator

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Landbruksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet


15. november 1995

Endringar i lov om veddemål ved totalisator

I statsråd 9.november vart Ot.prop. nr.10 Lov om endringar i lov om veddemål ved totalisator lagt fram. Den viktigaste endringa i høve til tidlegare lov er at det vil bli høve til gje samla konsesjon til eitt speleselskap. Vidare vert aldersgrensa på 18 år for spel på totoautomatar hjå kommisjonærane oppheva, men aldersgrensa vert oppretthalden for spel på banene.

Det vart òg lagt fram forslag til visse organisasjonsmessige endringar, bygd på eit framlegg frå riksmeglingsmann Reidar Webster. Hovudpunkta i dette forslaget er:

  • Forretningsverksemda og foreiningsverksemda (dvs. næringsverksemda og sporten) vert skilt. Norsk Rikstoto får ansvaret for forretningsverksemda.
  • Det skal opprettast driftsselskap ved kvar hestesportbane, og desse driftselskapa skal utgjere hovedtyngda i representantskapet i Norsk Rikstoto (NR). Ei viktig oppgåve for representantskapet er å velje styret for Norsk Rikstoto.
  • Konsesjonsansvaret for alt totalisatorspel vert lagt til Norsk Rikstoto, som gjer avtaler med dei enkelte driftsselskapa.
  • Norsk Rikstoto sitt økonomiske ansvar for galoppsporten skal fastleggast i føreskrift om totalisatorspel.

  • Staten vil framleis ha god styring med totalisatorspelet, mellom anna gjennom konsesjonsgjeving, føreskrifter, godkjenning av vedtekter, godkjenning av spelereglar, seier jordirektør Magne Stubsjøen i ein kommentar til framlegga i proposisjonen;
  • Det som er viktig framover er å legge uovereinskomstar og strid bak seg, sjå framover og samarbeide for å løyse dei konfliktene som har vore innan dette området.
    Kontaktpersonar i saka:
    Jorddirektør Magne Stubsjøen
    Tlf.arbeid: 22 34 93 00

    Avdelingsdirektør Martin Holtung
    Tlf: 22 34 93 02

    Lagt inn 16 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen