Historisk arkiv

Enklare å sikre mot terror

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Nytt lovforslag frå regjeringa skal gjere det enklare å sikre særleg utsette bygg mot terrorhandlingar. Det er ei direkte oppfølging av rapporten til 22. juli-kommisjonen.

Nytt lovforslag frå regjeringa skal gjere det enklare å sikre særleg utsette bygg mot terrorhandlingar. Det er ei direkte oppfølging av rapporten til 22. juli-kommisjonen.

Kommunal- og regionaldepartementet gjer saman med Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Miljøverndepartementet framlegg om eit unntak frå krava i plan- og bygningslova for bygg som av omsyn til rikets tryggleik treng serskild vern.

Framlegget er utforma med tanke på saker der det vil føre til uakseptabel risiko for tryggleiken å følgje alle krava i plan- og bygningslova, slik ein opplevde med manglande stenging av Grubbegata i forkant av 22. juli 2011.

Dette unntaket er viktig og naudsynt for å gjere oss betre i stand til å reagere raskt på trusselvurderingar, og for å sikre særskilt utsette bygg mot framtidige terrorhandlingar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Unntaket for det som blir omtala som skjermingsverdige bygg, vil gjere det mogleg å fråvike plan- og bygningslova heilt eller delvis av omsyn til tryggleiken. Unntaket inneber at det vil vere mogleg å gjennomføre tiltak i strid med plan, frå krav til byggjesakshandsaming og nabovarsling.

Kvart departement har ansvar for å peike ut skjermingsverdige bygg innanfor sitt område. Dette er bygg som kan ha betyding for tryggingspolitisk krisehandtering, er kritiske for det sivile samfunn, har stor  symbolverdi eller bygg som kan utgjere ein fare for miljø, liv og helse.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.